Denne vevstaden består av ugras - ulydige vekster eller skrifter til forsvar av
biologisk, kulturelt og språklig mangfold.
Værsågod, forsyn deg av ugraset!
![]() Redaktør og forfattar på denne vevstaden, på skitur i Guovdageaidnu i -20C |
Å presentere meg sjølv er ikkje lett, da eg har prøvd meg på litt av kvart. Eg er oppvokst i Skien i Telemark, har seinare
mest budd i Hammerfest og Guovdageaidnu i Finnmark. Eg har bl.a.
jobba som mekanikar i fiskeindustrien og som lærar; mest i vidaregåande skole, litt i høgskole og grunnskole.
Innimellom har eg studert på så mangt og engasjert meg i forskjellige
aktivitetar med von om å bidra til å gjøre verda litt betre.
Dei siste åra har eg vore lausarbeidar og forsøkt å leve av å skrive, mens eg har pendla mellom Guovdageaidnu (Finnmark), Skien (Telemark) og Gdańsk (Polen), innimellom også Porsanger (Finnmark), og Hasvik (Sørøya, Finnmark)
At eg er mye i Gdańsk skuldast i stor grad vevmeisteren bak desse sidene. Mange års skrivekløe har ført til ein del skrifter.
Her har eg samla ein stor del av det. Det meste er på (ny)norsk, noko er og på bokmål, nordsamisk eller engelsk. Med god hjelp av den omtalte vevmeisteren er her og litt på polsk. Klikk på emna til venstre her og du vil finne ka eg har skreve. |
![]() |
"Samisk skole eller Norsk Standard?"I 2003 ga eg ut denne boka på forlaget Davvi Girji. Boka er ei samanfatting av skolehistoria i Noreg gjennom tidene, og behandlar den nasjonale norske og den samiske skolehistoria parallelt.Saman med den historiske framstillinga tar boka opp til drøfting viktige pedagogiske prinsipp for norsk og samisk skoleutvikling. Du kan bestille boka frå forlaget. |
|
|
|
|
|
Eg er hovudredaktør for eit verk som kjem som bokserie og internettutgåve, der bl.a. tidligare lærarar, elevar, foreldre, internatarbeidarar og skolepolitikarar fortel sin versjon av historia.
Bind 1 kom i 2005, bind 2 i 2007, bind 3 i 2009 og bind 4 i 2010.
Etter planen skal det komme 6 bind. |
![]() | Jernarbeid i samisk tradisjonDenne boka kom ut i 2009. Her finn du internettutgåve på norsk og på samisk. |
Her kan du søke etter emne i sidene mine: