Sjokkbølge med etterdønningar

I påskeveka har NRK Sápmi på nettet publisert ei lang forteljing om “Påskeopprøret” i Karasjok 1960. Først kom ho på samisk, og dagen etter på norsk, med tittelen "Sjokkbølgen fra Karasjok som nådde Sør-Afrika" Har du ikkje lest denne, så gjør det her:

Om dagens historieinteresserte nordmenn forbind noko med “påskeopprør”, er det gjerne hendingar i Irland 1916 eller Arbeiderpartiet 1958, mens hendingane i Karasjok er glømt av dei fleste. Men dei er verdt å hugse på, fordi dei fortel den tragiske historia om kva som kan skje når eit folk med statlig tvang blir fråtatt retten til eige språk og kultur, og mistar trua på sitt eige.

Kort sagt hadde den statlig oppnemnde Samekomiteen i 1959 lagt fram ei innstilling om å gå bort frå den strenge fornorskingspolitikken og opne for samisk språk bl.a. i skolen. Komiteen gikk og inn for særskilte tiltak for å styrke kultur og næringsliv i dei områda der det samiske enno ikkje var utrydda. Dette førte til ein kraftig protest frå folk som i mange år hadde tilpassa seg til fornorskinga og blitt overtydde om at den einaste framtida for samar var å bli heilt og fullt norske. I vedtaket frå møte på påskelaurdagen 1960 heitte det bl.a.

– Vi føler oss ett med landets øvrige befolkning, og vi har hverken bedt om eller ønsker særrettigheter eller særforpliktelser i forhold til de øvrige innvånere i Norge. Vi vil derfor med alle midler motsette oss ethvert tiltak som har til formål å bevare den samiske befolkning i et eget organisert samfunn i Indre Finnmark. Ytterligere innføring av samisk i skolen vil være et skjebnesvangert tilbakesteg som vil tvinge utviklingen tilbake og skape store vansker for vår ungdom i deres fremtidige eksistens. Vi protesterer mot alle tiltak som nødvendiggjør opprettelsen av spesielle organ for samene.

Resolusjonen var ferdigskrive på førehand og blei vedtatt mot bare 2 røyster. Ideen bak møtet var at det skulle vere eit møte av bare samar, og derfor var ikkje den store ideologen bak fornorskingspolitikken I Karasjok til stades. Det var kommunepolitikaren Hans Rønbeck, som bl.a. var kjent for å ha uttalt:

- Jeg legger ikke skjul på at jeg ser det som et endelig mål at den samiske folkegruppen går opp i den norske ... og at det norske sprog vinner terreng på bekostning av det samiske. - Jeg mener at desto hurtigere fornorskingsprosessen går desto bedre for samene.

Rønbeck var trulig den første, men ikkje den siste, som samanlikna spirene til ein ny samepolitikk med apartheid i Sør-Afrika:

– Med apartheidpolitikk forstår jeg at en eller flere grupper har rettigheter som andre ikke har. Og det er en slik politikk sameaktivistene vil gjennomføre

59 år har gått. Dette er da vel gamal historie som ikkje er aktuell i dag? No har vi da samisk språk i skole og media, vi har Sametinget og samiske musikarar og kunstnarar gjør stor suksess på riksnivå og meire til. Det er vel ingen lenger som har slike tankar som Rønbeck og deltakarar på påskemøtet i 1960? Så vel er det dessverre ikkje.

Mens samane fram til 1960 var så godt som usynlige i det norske samfunnet og skoleverket, har det seinare skjedd ei stor utvikling, der samisk kom inn i skolen, i media, og i lovverket. Men ikkje eit einaste av dei små og større stega dei siste 59 åra har skjedd utan motstand. Motstanden har kome frå politikarar og forvaltning lokalt og sentralt og ikkje minst frå aktive debattantar i alle aktuelle media. Mens fornorskingspolitikken som dominerte frå midten av 1800-talet til godt over midten av 1900-talet hadde støtte frå dei fleste politiske leirar, finn vi og dagens fornorskingsforkjemparar spreidd frå ytre høgresida til ytre venstresida. Ein stor del av dei overaktive debattantane har samla seg i ein organisasjon som har kamuflert seg som Organisasjonen for Etnisk og Demokratisk Likeverd (EDL). Dei har henta opp igjen Hans Rønbecks argumentasjon for 60 år sidan om at sameaktivistane sin politikk er det same som apartheid, og framstiller samelova og reindriftslova som rasistiske. Dei forsøker å skrive både fornorskinga og samane ut av norsk historie. Dei vil fjerne alt av lovreglar om omsyn til samisk kultur og språk.

Etter 12 års drift har EDL tilsynelatande ikkje oppnådd nokon av hovudmåla sine. Sametinget er ikkje lagt ned, Finnmarkslova er ikkje oppheva, Noreg har ikkje sagt opp ILO-konvensjonen om urfolk og samisk språk er framleis levande. Reindrifta er også framleis ei levande næring og har i Nord-Noreg så langt halde sysselsettinga oppe langt betre enn andre primærnæringar. Likevel har EDL oppnådd mye. Først har dei med sine åtak på alt av samepolitikarar og sameaktivistar og alt som smakar av samisk gjort det vanskeligare å vere same. Dei har framstilt det samiske som noko negativt og skammelig og noko falskt som eigentlig ikkje finst. Når nokon står fram og kallar seg sjøsame svarar EDL-folka at du finst ikkje, du lyg og framstiller deg som noko du ikkje er. Når dei som har samisk bakgrunn, men har mista språket forsøker å ta det tilbake, blir dei bare halde narr av, fordi det er bare dei som har samisk som morsmål som kan kalle seg samar. Heller ikkje kan dei kalle seg samar som har ein kven eller nordmann blant forfedrene. Eg veit at dei har klart å skremme mange samar til å teie. Sjølv har eg inga samisk bakgrunn, og det er derfor lettare for meg, fordi åtaka eg har blitt møtt av ikkje rammar like personlig, men eg kan i alle fall bekrefte at det kostar å stå opp for det samiske – også i 2019.

Det viktigaste EDL har oppnådd er gjennom massiv mediapåverknad å få folk til å tvile. Er no samar eigentlig urfolk? Er det ikkje diskriminering at samar har eige sameting? Har ikkje samar ein masse særrettar til alt mellom himmel og jord? Er det samiske noko å ta vare på? Øydelegg ikkje reindriftssamane vidda? Og er dei ikkje bare ute etter erstatning for å snyte oss? Mens slike tankar spreier seg i folket og hundreår gamle fordommar blir halde oppe med kunstig åndedrett, får gruveselskap, vindkraftselskap og turistbedrifter ete seg lenger og lenger inn på vidda, og kystfiskarar mistar retten til levebrødet gjennom rovfiske, reguleringar og planlagt forureining. Reindriftslova blir endra til å forkaste samisk tradisjon og innføre norsk detaljstyring bygd på grunnleggande mistillit til reineigarane. Nei, formelt sett har EDL ikkje tatt standpunkt til verken gruver eller vindkraft. Dei har bare arbeida aktivt og målmedvete arbeida for å rive med dei forsvarsverka som samar og naturvernarar har mot slike inngrep. Dei spelar derfor i dag ei svært viktig rolle som støttespelarar for norske og særlig utanlandske kapitalistar som vil tene store pengar på å bygge ned natur og reinbeiteområde.

Svein Lund


Til hovudsida.