Svein Lund - Fotoalbum

Kolonihagar i Gdańsk - 1

Offisielle og uoffisielle hagar

I byane i Polen bur dei aller fleste i blokk, og få har sjanse til å ha sin eigen hage rundt huset. Derimot er det mange som har det ein på norsk kallar kolonihage, eller på polsk ogród działkowe eller bare działka. Direkte omsett til norsk blir det andelshage.
Av desse finst det to slag; dei offisielle og dei uoffisielle.
Dei offisielle er i organiserte område, med felles gjerde rundt, der ein må ha nøkkel til porten. Området er delt inn i gater og kvar hage har sitt nummer. Opprinnelig blei kolonihagane utdelt gjennom arbeidsplassane. I dag er dei på den frie marknaden og ein som har dyrka opp ein hage kan selge han til den ein vil. Dei einskilde hageområda er organisert som andelslag, som står som eigar av jorda. Når ein kjøper ein andelshage, betaler ein ikkje for jorda, men for det som måtte vere der av trær og planter og av utstyr som hytte, hagereidskap osv. Men ikkje eingong dette er nok kapitalistisk i det nykapitalistiske Polen, og no er det planar om full privatisering, det vil seie at brukarane og må betale for grunnen om dei vil drive hagen vidare, og så kan dei selge denne også til andre formål. Det vil kunne opne for at hagane blir tvungne bort og områda brukt til f.eks. forretningsbygg.
Dei fleste andelshagar har ei større eller mindre hytte. I nokre er det plass til møbler, mens andre bare er reidskapsskur.

Dei uoffisielle hagane er det ikkje like mange av. Det er små flekkar som er dyrka opp der det før var skog og kratt eller delar av gardar som blei lagt ned for å bygge blokkområde. Dei som dyrkar desse hagane har ingen eigedomsrett, men dei får dyrke dei i fred så lenge ikkje jordeigaren eller kommunen har andre planar for jorda.

Svigermors hagar

På denne sida kan du sjå nokre glimt frå eit par av dei offisielle. Dei ligg i kolonihageområdet som ber namnet "Pracowniczy Ogród Działkowy im Obronców Poczty polskiej" eller "Arbeidarane sine andelshagar med namn etter Forsvararane av den polske posten". Til saman er det omlag 750 hagar i dette området, og 2 av dei tilhører svigerfamilien min. I tillegg har vi 2 uoffisielle. Svigermor er sjefsgartner for dei offisielle, som er registrerte på forskjellige familiemedlemmar. Basia styrer med dei uoffisielle, som altså ikkje er registrert på nokon. Og sjølv blir eg tilkalt for å spa jord, plukke bær og ta bilete av blomane. På startsida mi kan du sjå eit bilete frå ein av dei uoffiselle.

For å komme til hagen må vi over over ei trikkelinje - gjennom ein port, - og bort ei gate ...
(Dette biletet er tatt i 2003 og i 2006 er skiltet allereie historie. Her står "Arbeidarne sin kolonihage". Men alle tilvisingar til arbeidarar blir no rekna som uhøvelige lemningar etter "kommunismen", så "arbeidarar er" erstatta med "familiar".)
... før vi kan opne porten til hagen.
Ein av hagane i fullt blomsterflor I hytta er det kjellar der ein kan lagre frukt kaldt, men frostfritt og her er vi i juni 2003 for å hente ut resten av fjorårets eplehaust Ein del må sorterast ut, men framleis er mye godt etande. Og i Polen er det ei mengde epleslag som ein ikkje finn verken i hagar eller butikkar i Noreg
Det er mye å gjøre i hagane, og av og til blir heile familien mobilisert, som her for å lage kompostbinge Med dei tørre og varme somrane vi har hatt dei siste åra, blir det mye vanning Også dei yngste i familien blir satt i arbeid
Ved sida av jordbær, markjordbær, stikkelsbær, rips, bringebær og kirsebær er her og noen mindre vanlige bær, som amerikanske blåbær - og disse blåbærbuskene, som opprinnelig kommer fra Kamsjatka I eit av drivhusa er det tomater, i det andre er det druer
Solsikke - Słonecznik Bønner - Fasoli Cytryniec chinski - Schizandra chinensis


Til neste side: Hagar i Gdansk - 2

Nokre andre bilete frå albumet:
Gdansk - 1
Guovdageaidnu
Skien
Hammerfest
Hasvik
Porsanger

Til startsida

sveilund@online.no