| | |
| Ein mandag morgon i januar, på veg frå Karasjok til Lakselv var det så fint at eg måtte stoppe fleire gongar og ta bilete. | Her er eit par av bileta frå denne turen. | Skoganvarre skole var i drift frå 1962 til 1989 og rommar no samlingane til Porsanger museum |
| | |
| Lakselv er nokre bensinstasjonar og hus på ei slette inst i Porsangerfjorden | Her har Basia fotografert nokre framkomstmiddel som ho ikkje kjente frå Polen. | Men fann ho fort fram til bassenget, som ligg i dette bygget |
| | |
| Mekanisk avdeling ved Lakselv vidaregåande skole er i eit eige bygg eit stykke frå resten av skolen | Her er elevane på grunnkurs mekaniske fag i sving på verkstaden | - mens læraren forsøker å få litt orden i verktøyskuffane. |
| | |
| Ein dag dro skolen på tur til Alta, og frå bussen tok eg dette bildet over Hatter | Og ein dag i januar dro Basia og Svein utover langs austsida av Porsanger og over til Veidnes. Her er eit par bilete frå tilbaketuren, da været var så som så | På nedsida av vegen i nærleiken av Brenna kunne vi skimte nokre rein i uværet. |
| | |
| På Roddines mellom Lakselv og Børselv kan ein enno sjå gamle strandlinjer frå tida etter istida | Det er mange spesielle steinformasjonar langs Porsangerfjorden | Enno bur det folk på nokre av småstadane utover fjorden. |
| | |
| Så er vi over på vestsida - her er fiskebruket i Smørfjord | I Smørfjord har dei starta ein sjøsamisk bygdetun, der dei sommaren 2004 heldt på å bygge gamme. | Til bygdetunet hører denne båten og naustet med gamalt fiskeutstyr. |