Reportasje i Klassekampen, 12.09.1995 Frå internasjonal arbeidsleir ved Bir Zeit-universitetet på Vestbredden

Turisme på ein annan måte

VESTBREDDEN (Klassekampen) - Tekst og foto: SVEIN LUND

Boks:

Arbeidsleiren

– We work with our hands in Palestine – and we want the occupation out! – Slik lyder sangen der vi sit rundt bålet mellom telta nedafor Bir Zeit-universitetet. Vi er samla 50-60 europearar og amerikanarar saman med vel 20 palestinske studentar. Med den mest forskjellige bakgrunn, men med ein ting felles: – Vi arbeider med hendene i Palestina og vi vil ha oppkupasjonsmakta ut

– Bir Zeit-universitetet ligg på den okkuperte Vestbredden, 3 mil nord for Al Ωuds (Jerusalem) Universitetet har lenge vore eit symbol på palestinsk motstand og ein torn i auga på okkupasjonsmakta Israel, og fleire gongar har det vore stengt, ein gong for 7 av 9 månadar i eit skoleår. Da har dei fortsatt undervisninga "under jorda", i kafear, kyrkjer, moskear osv.

Kvart år arrangerer studentrådet på Bir Zeit internasjonale arbeidsleirar. For dei studentane som deltar er dette ein del av minst 120 timar samfunnsnyttit arbeid som alle studentar må ha for å få eksamen. (Kanskje noko å lære av for norske universitet og høgskolar?) For oss utlendingar som deltok var det i første rekke ein kjempesjanse til å treffe folk frå dei fleste lag av det palestinske samfunnet: studentar og lærarar, fagforeiningsleiarar, kvinneaktivistar og ikkje minst vanlige bønder og arbeidarar og landsbyar og flyktningeleirar. Det var ein sjanse til å sjå det Palestina som enno lever og til å sjå ein del av baksida til Turist-Israel, det sionistane vil hindre utlendingar å få sjå.

Så får det heller vere om nokon syns det er litt sprøtt å dra ned til 30-40 graders varme og grave grøfter og lempe stein, og attpåtil respektere muslimsk klesskikk, noko kroppen ikkje blir særlig brun av.

Vi fikk bussturar til store delar av Vestbredden, Gaza og til palestinske byar og landsbyar innafor Israel, og vi fikk samtidig med oss historiske minnesmerke og sjansen til å bade både i Dødehavet, Middelhavet og Genesaretsjøen. Og vi fikk ei mottaking vi aldri vil glømme.

Og så sant ikkje okkupasjonsmakta legg unormalt mye kjelkar i vegen, så blir det arbeidsleir neste år og. Så ta kontakt med Palestinakomiteen eller Palestinafronten, og så møtast vi i Palestina. For i kjem igjen.

-----------

Ein times busstur frå Bir Zeit kjem vi til den palestinske landsbyen Saffa. Namnet Saffa er gresk, og busettinga her har røter tilbake til den greske storheitstida for over 2000 år sidan. I dag har Safta om lag 4000 innbyggarar. Men om lag 2500 frå Saffa bur i utlandet.

I 1948 greidde Saffa så vidt å berge seg unna å hamne bak «den grønne linja», grensa til Israel. Men grensa gikk like ved, og dei mista ein stor del av jorda.

Okkupert i 1967

Men i 1967 blei Saffa okkupert som resten av Vestbredden, og israelarane oppretta settlements som åt seg meir og meir inn på landsbyane. Stadig prøvar settlarane å ta meir av jorda til Safta, men hittil hadde dei greidd å forsvare seg ganske bra. Den dagen vi kom, sto det i avisa at del hadde vunne ei rettssak mot settlarane. I mai i år blei ein palestinsk quisling drept i Ramallah, den næraste byen. 6 unge guttar frå Saffa blei arrestert mistenkt for å stå bak drapet, og for å ha utgjort ei militær PLO-celle. 2 dagar etter arrestasjonen er det portforbod i Saffa. Midt på natta kjører det inn i landsbyen 4 bolldosarar, 20 jeepar og 200 soldatar. Om morgonen ligg 4 hus l ruinar, husa til familiane til dei arresterte.

To grupper

Da vi kom, hadde ein av familiane fått bygd seg nytt hus, dei andre holdt dei på å samle inn pengar til. Vi delte oss på to grupper som gikk laus på kvar vår ruinhaug. Med hjelp av kompressor og trykkluftmeisel blei restene delt opp i stykker vi kunne frakte vekk, og på få timar var mesteparten av husrestene omdanna til eit steingjerde rundt tomta. Få dagar etter fikk vi sjølv sjå eit hus bli rasert med bulldosar. Mens vi rydda tomta etter eit rasert hus i landsbyen Taiyba like ved Jerusalem, kom ein bulldosar og gikk laus på eit nybygg like ved. På få minutt var det sm skulle blitt elt nytt bolighus forvandla til ein haug med stein og sprikande armeringsjem. Kva for brotsverk hadde dei så gjort, husbyggarane i Tayiba? Jo, dei hadde sett opp husa utan løyve. Ingen har nemlig fått lov å bygge her etter 1967, ettersom området har fått den ære å bli utnemnt til «sikkerhetssone». Når dei likevel er så frekke å bygge kan det kanskje ha samanhang med at det byrjar å bli noko trangt når folketalet i landsbyen har auka frå 6000 til 11000 i disse åra med okkupasjon og byggeforbod.

«Landet, ikkje folket»

«Israelarane vil ha landet, men ikkje folket,» seier palestinarane. Med bulldosarane sine demonstrerer del det daglig. Bare dei fire første åra av okkupasjonen blei 16.212 palestinske hus rasert på Vestbredden og i Gaza. Kor mange det nå har blitt, veit vi ikkje, men talet aukar for kvar dag.

Eit barn er født

«Et barn er født i Betlehem, ti gleder seg Jerusalem,» syng vi til jul. Det blir fortsatt født barn i Betlehem og deromkring. Mange barn. Særlig i flyktningeleiren Dheisha. Men det er ikkje alle som gler seg over det i Jerusalem.

«Alle palestinske kvinner skulle få minst 20 barn,» seier ei gamal kvinne til oss i Dheisha. Sjølv hadde ho fylt det meste av kvoten. På eit utrulig lite område er det i Dheisha stua saman 12.000 - 13.000 menneske, og dei blir stadig fleire. I hopetal samla ungane seg rundt oss og ville bli fotograferte mens dei gjorde V-teiknet: Siger for PLO.

Ein flyktningeleir skal vere ein midlertidig stad, til ein kan flytte tilbake eller etablere seg ein annan stad. Men ungane som nå blir født i flyktningeleiren ved Betlehem har foreldre som sjølve er født her. Likevel ser her fortsatt midlertidig ut. Bølgeblikktak blir holdt på plass av murstein og skrot. Når det gjeld maling er tydeligvis parola: — Sløs ikkje med malinga — mal slagord. Stadig er okkupasjonsmakta der og tvingar dei til å male over. Men nye kjem, og vi fann «Ut med okkupantane» og «Vi gjør alt for frigjøring av Palestina».

Ein «ribba» heim

I Dheisha skulle vi rydde gater og samle søppel. Men etter 10 minutts arbeid kjem ei kone ut med te til oss. Nye 10 minutts arbeid og mannen i nabohuset kjem med kaffe. Slik fortsatte det. Så måtte vi inn i ein heim og drikke meir te. Stua ser litt ribba ut. Få dagar før hadde israelske soldatar vore på husundersøking og beslaglagt bilete og palestinske kart. To bilete fikk henge, soldatane kan ikkje ha forstått symbolikken. Ein anna ting hang og igjen: eksamensvitnemåla til 8 søner og døtre med universitetseksamen. Eit levande bevis på det palestinske ordtaket: «Det einaste dei ikkje kan ta ifrå oss, er det vi har i hovudet». Kor ungane var nå: Jo, nokon i utlandet, nokon i fengsel. Ein son på 18 hadde sotte inne frå han var 15 og satt enno. Minstegutten på 12 hadde sete 20 dagar for steinkasting.

Portforbod

Familien budde i Sakaria til israelarane kom i 1948 og øydela heimen deira. Dei måtte flykte til Jeriko og bu 4 år i telt, l telt på 2 store familiar. Så i 1956 kom dei til Dheisha. Dei flykta frå framferda til staten Israel, men i 1967 blei dei så flyktningar innafor denne staten. Etter den tid har det ikkje vore mye fred å få. Stadig har leiren vore utsatt for portforbod. I fleire dagar kan det vere forbode å gå ut av si eiga dør, ja sjølv å sjå ut av vindauga. Dei kjem seg ikkje på jobb, ikkje på skole.

«Ikkje for turistar»

For sionistane er flyktningeleirane på Vestbredden og i Gaza ein verkebyll. Dei vil og kan ikkje la dei vende tilbake til der dei kom frå, 470 palestinske landsbyar er jamna med jorda, og brotsverka er for lengst skjult av jødisk busetting. Overfylte og fattige flyktningeleirar innafor det dei reknar for israelsk jord, er både ein kime til opprør og dårlig reklame. Ein belgisk deltakar på Bir Zeit-leiren blei fjerna med makt frå Dheisha av politiet. — For din eigen sikkerhet — ikkje noko for turistar.


Til startsida

sveilund@online.no