Debattinnlegg i Klassekampen, 13.10.1998. Også prenta i fleire andre aviser.

Beograd - det neste My Lai?

Dagsrevyen meldte lørdag 10. oktober at to tidligare amerikanske Vietnam-soldatar hadde besøkt eit krigsminnesmerke i Noreg. Dei hadde nekta å delta i den brutale nedslaktinga av sivilbefolkninga i landsbyen My Lai i 1968. No, 30 år etterpå, hadde dei endelig fått anerkjenning for at dei gjorde rett.

I same sendinga kunne vi sjå frå Beograd, der folket bur seg på den neste krigen. Denne gong er det ikkje ein landsby i Vietnam, men ein millionby i Europa som ventar på å bli bomba. Kanskje har dei første bombene alt falt når dette lesas. Hovudkrafta bak bombinga er igjen USA. l 1968 støtta dei fleste norske politikarar opp om USA sitt folkemord i Vietnam. I 1998 nøyer dei seg ikkje med ord. No skal norske jagarfly brukas til å bombe Beograd og andre delar av rest-Jugoslavia.

Dei serbiske leiarane har ført ein grusom politikk både mot kosovoalbanarar, kroatar, bosniske muslimar, og mot sitt eige serbiske folk. Dette kan likevel ikkje forsvare ei bombing som vil drepe tusenvis av sivile serbarar i alle aldrar. som vil lemleste og øydelegge heimane til langt fleire, og sende titusener og hundretusener på flukt. På same vis som Japan sine grusomheiter under 2. verdskrigen ikkje kunne forsvare atombombene over Hiroshima og Nagasaki.

Når mange jugoslavar av alle nasjonalitetar har blitt tvungne til å flykte har ikkje norske styresmakter vore villige til å anerkjenne dei som politiske flyktningar. Ungdom som har flykta for å slippe å delta i dette regimet sin krig mot nabofolka blir mistenkeliggjort og må gå i kyrkjeasyl for å ikkje bli kasta ut av Noreg. Kor var solidariteten med folket i Kosovo da?

I løpet av få dagar kan ei ny flyktningebølge vere på veg frå Jugoslavia. Da vil dei flykte frå bomber sluppe av norske soldatar. For første gong sidan vikingtida vil Noreg vere direkte deltakar i ein angrepskrig. Under Vietnamkrigen i 1968 fantest det soldatar med moral og mot til å seie nei. Kordan er det i Noreg i 1998?

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no