Artikkel i Klassekampen 19.02.1993

WCIP: PINLING TAUST

Av SVEIN LUND, KARASJOHKA.

AVSLØRINGENE om at samene ikkje lenger deltar aktivt i arbeidet til verdensrådet for urfolk (WCIP) har blitt ei pinlig sak for samiske politikarar i urfolksåret.

To dagar etter at dette blei kjent, starta Sametinget sitt møte i Karasjok, der onsdagen var satt av til seminar under tittelen: Verdens urbefolkninger - felles grunnlag? Her hadde ein fått inieiar heilt frå Chile, og innleiingar om ka for rettar urfolka har fått anerkjent i forskjellige land. Sametingsrepresentanten Ruth Rye Josefsen frå Alta (NSR) ba under debatten om ei forklaring på ka som har skjedd. Men ingen ville eller kunne svare. I panelet satt bl.a. sametingsrepresentant Ole Henrik Magga.

På verdenskonferansen i Tromsø i 1990 truga samiske representanter med å få dei nordiske landa til å stoppe pengestøtten til WCIP dersom ikkje samane fikk leiaren for verdsorganisasjonen. Denne utpressinga førte ikkje fram, og den blei og sterkt kritisert etterpå av andre samiske leiarar. Etter denne kritikken var det venta at samene skulle delta i dette arbeidet som før og arbeide for pengestøtte frå dei nordiske regjeringane. Men i januar skreiv Sami aigi og seinare Klassekampen at samene ikkje har deltatt i arbeidet til verdsrådet (WCIP) etter Tromsøkonferansen og at dei nordiske regjeringane ikkje har sendt pengar fordi Samerådet ikkje har søkt.

Nils Thomas Utsi, leiar for Norske Samers Landforbund seier at det aldri har vori gjort noko vedtak i samiske organ om å kutte ut WCIP eller nedprioritere dette arbeidet. Utsi seier at han ikkje er nøgd med det internasjonale arbeidet som Samerådet har dreve.


Til startsida

sveilund@online.no