Artikkel i Klassekampen 15.08.1990

FRAMTIDA TIL URFOLKA ER VÅR FELLES FRAMTID.

"The future of the indigenous people - our common future." Dette var mottoet til den 6.verdskonferansen for urbefolkningar som blei avslutta i Tromsø på søndag. Om ikkje urbefolkningane kan overleve, kan heller ikkje resten av menneska i verda. Det er urbefolkningane som først har blitt ramma av atomprøvesprengingar i Stillehavet, i Nevada-ørkenen og på Novaja Zemlja, i neste omgang blir andre ramma. Når regnskogen i Amazonas forsvinn, råkar det først indianarane der, i neste omgang endrar det klimaet på heile kloden.

Av SVEIN LUND, TROMSØ

- Vi har alltid brukt naturen utan å utbytte han, det er det som i moderne språkbruk kallas for "bærekraftig utvikling", sa ein av dei samiske delegatane. Urbefolkningane har ein tusenårig tradisjon i å leve i pakt med naturen, men med koloniseringa har dei blitt fråtatt retten til å rå seg sjølv og områda er i stor grad blitt øydelagt av kortsiktig imperialistisk utbytting. Ofte er dei og sjølv blitt tvunge inn i ein levemåte ogproduksjonsmåte som er med å bryte ned den naturen dei skal leve av.

Hanti, Aymara, Nenets, Yanomami, Maori, Miskito, Naga, Mohawk. Dette er nokre av nasjonalitetane som traff kvarande i Tromsø. Men det er ikkje folkeslaga som sender representantar til verdskonferansen. Oppdelinga av verda i såkalla nasjonalstatar har tvunge dei å organisere seg etter det, og i staden heiter det delegatar frå Peru, Honduras, Australia og Sovjetunionen. Derfor er det kolonimaktene sine namn som står på delegatlistene. Aotearoa har blitt New Zealand, Kollasuyu har blitt Bolivia. Derfor har samane 10 delegatar fordelt på 4 land, mens dei 32 folkeslaga i Venezuela tilsaman har 3 delegatar, på same vis som dei 14 indianarfolka i Argentina og dei 26 nordlige nasjonane i Sovjet.

Her treff dei kvarandre: Indianerkvinna frå Guatemala som har sett fleire familiemedlemmar bli drept av militæret. Hantien som sit i det Øverste Sovjet. OL-vinnaren i kanopadling i 1984 som heva ei ørnefjær på seierspallen for å ære folket sitt, Mohawk, og som no stiller seg i spissen for å danne ein eigen idrettsorganisasjon for urfolk. Delegatane frå Belize og Honduras som tydelig bærer preg av at folka deira har blanda seg med etterkommarar av slavar frå Afrika. Yanomami-indianeren frå det indre av regnskogen som i fjor var den første av sitt folk som reiste utafor Sør-Amerika. Samar med Oslo- og Sør-vestlandsdialekt, bortført frå Guovdageaidnu av Samemisjonen. Den glødande sandinisten som leiar kulturorganisasjonen for alle urfolka i Nicaragua. Og han frå Bolivia som stadig gjentar kjepphesten sin; at urfolka må seie nei til Jesus og nei til Marx. Eit politisk møte og ein politisk kollisjon. Eit kulturmøte og ein kulturkollisjon. Men aldri tvil om at det er mest som sameinar: Kampen for å overleve i ei verd der kolonialismen har enno fleire og sterkare middel enn under "oppdagingane" til Cristobal Colon og håløyghøvdingen Ottar. Og det alle kjente uttrykte Mari Boine Persen akkompagnert bl.a. av ein indianar og fire maoriar da ho avslutta siste konserten med: Eg lar meg ikkje lenger tråkke på. It sat doalmma mu!

FORTJENT TAP PÅ HEIMEBANE

Samane satsa sterkt på å få presidentvervet i WCIP for dei neste tre åra, men måtte sjå seg slått av Daniel Rojas frå Costa Rica som blei gjenvald med 14 mot 10 stemmer for Leif Halonen. Valprosessen blei eit antiklimaks som verken møteleiinga, valkomiteen eller dei samiske delegasjonane skal ha særlig ære av. Først da delegatane kom til konferansen søndag morgon blei det kjent kem som var kandidatar til verva som president og to visepresidentar. Og da den andre visepresidenten skulle velgas var det enno uklart om det var ein eller to kandidatar. Det endte med at Lawrence Courtoreille frå Kanada trakk seg med orda: - Korleis skal vi kunne leie og forsvare folka våre når vi ikkje eingong er istand å gjennomføre eit val.

Sjølv om det har vore brei misnøye med den gamle leiinga, greidde ein ikkje å stille ein samlande motkandidat. Kampen for å få ein same som president blei langt på veg øydelagt av indre usemje og ureint spel. Dette sto særlig Leif Halonen for, med bl.a. ein uttalelse i Aftenposten på laurdag: "- Får vi ikke presidenten etter konferansen i vårt eget hjemmeområde, tror jeg luften vil gå ut av det samiske engasjement i WCIP. Sannsynligvis kommer vi da til å trekke oss ut." Når ein veit at økonomien til WCIP er svært avhengig av støtte frå dei nordiske landa, er eit trugsmål om å trekke seg samtidig eit trugsmål om å lamme organisasjonen økonomisk. Det bekrefta og kommunalminister Johan J.Jakobsen på pressekonferanse med å seie at regjeringa måtte vurdere pengestøtta på nytt om ikkje dei norske samane var med i organisasjonen.

Dette førte til sterke reaksjonar og innafor det samiske miljøet, og den samiske ungdomsorganisasjonen SANS uttalte straks at dette var å bruke pressmidler som minte om den imperialistiske politikken som Europa i 500 år har brukt overfor urbefolkningane i andre verdsdelar.

KVINNEOPPRØR

Inspirert av Verdskonferansen for urbefolkningskvinner som nylig blei avholdt i Karasjohka tok kvinnene opp kampen for å bli hørt i WCIP. Men det skulle vise seg lettare sagt enn gjort å rokke ved den massive mannsdominansen. I dei 15 åra som har gått sidan danninga av WCIP har ikkje ei einaste kvinne fått plass i styret. Ei arbeidsgruppe som jobba med kvinnespørsmål la fram eit omfattande forslag til endringar av charteret, som er både prinsipprogram og vedtekter for verdsorganisasjonen. I kvar av delegasjonane på tre skulle det vere minst ei kvinne, og alle framtidige val til leiande organ og utval skulle baseras på lik representasjon mellom kjønna. Eit kvinneutval måtte nedsettas og leiaren for kvinneutvalet skulle automatisk vere medlem av styret for WCIP.

Dette blei for sterk kost for møteleiar Tulio Mariano Gonzales frå Honduras som avslørte at det latin-amerikanske macho-idealet og finst i indianske rekker og tok i bruk ei rekke kjente herskarteknikkar for å sette kvinnene på plass: - Her kommer to kvinner som vil ha ordet, ei frå New Zealand, ei frå Australia, dei er begge svært vakre, la oss gi dei ein applaus! Seinare opplevde han å bli pipe ut frå salen for ein kommentar om at sjølvsagt skal kvinnene få like sjansar som menn, men det må dei gjøre seg fortjent til ved hardt arbeid. Men heller ikkje blant dei indianske kvinnene var det særlig oppslutning om forslaget. Her hadde nok samekvinnene forrekna seg noko, for det synte seg at idear om kjønnskvotering blei oppfatta som europeiske tankar som dei ikkje ville vite av. Ein einaste mann, ein maori, markerte klar støtte til krava frå kvinnegruppa, og sa han kjende seg lite vel ved å sitte ved møteleiarbordet med bare menn.

Mange sa store ord om at no må vi velge kvinner, men ved valet dagen etter synte det seg igjen at bare menn var nominert. Det skuldas delvis valordninga, som er slik at bare presidenten og to visepresidentar blir vald på verdskonferansen, og blant visepresidentane skal ein vere spansktalande, ein engelsktalande. Dei andre styremedlemmane blir vald frå dei forskjellige regionane.

Men sjølv om dei ikkje nådde fram i valet denne gongen, oppnådde kvinnene at det blei vedtatt å opprette kvinneutval, atkvinnespørsmål skal vere ei hovudsak på neste verdskonferanse, og at det skal innkallas ein ekstraordinær konferanse innan neste haust for å revidere charteret.

BILETTEKSTAR

1. Trass i kvinneopprør endte det igjen med eit val mellom menn. T.v. dei seirande: Daniel Rojas, Honduras, Jorge Valiente, Argentina og John Christoferson frå New Zealand. T.h. motkandidatane Leif Halonen, Norge og Alberto Escobar, Paraguay.

2. Det måtte kvinner til for å få markert konferansen i bybiletet. "Indigenous Womens Action Group" arrangerte demonstrasjon med appellar frå Australia, Kola, Amazonas og sang frå Grønland. Og aldri har det passa bedre når Mari Boine Persen sang sin "Gula, gula" om at du har brødre og søstre i SørªAmerikas regnskogar og på Grønlands steinkystar.

3. - No krev vil Novaja Zemlja tilbake til nenets-folket, seier leiar for nenetsane sin organisasjon, Angelina Ardejeva.

4. - Området vårt er øydelagt av urangruver og atomsprengingar, fortel Lucy Gibbs frå Australia

________________________________________________________________________________

Dette er ein av fem artiklar frå Verdskonferansen for urfolk i Tromsø i august 1990.
Dei andre finn du i lag med fleire artiklar om urfolksspørsmål her: Urfolk
Til startsida

sveilund@online.no