Artikkel skreve 12. 09.2002, ikkje tatt inn i verken Utdanning eller Dag og Tid. Klassekampen lova å prente han, men etter stadige utsettingar i 7 veker trakk eg han tilbake fordi han var blitt delvis forelda. Deretter oppdaterte eg han og sendte han til diskusjonslista "Klassekampen-forum" under tittelen "Kronikken Klassekampen ikkje vil ha". Der blei han lest av ein som jobba for Høgskoleavisa i Trøndelag, som kontakta meg for å få ei revidert utgåve. Her er originalen og artikkelen slik han blei i Høgskoleavisa i Trøndelag finn du her.

Må Samisk høgskole undervise på norsk?

Samisk høgskole blir pressa mellom krav skolen ikkje kan oppfylle. Utdanningsdepartementet krev at skolen aukar studenttalet, men vil ikkje la høgskolen få rammevilkår til å gjennomføre dei tiltaka som er naudsynt for rekruttering. I løpet av hausten vil Stortinget ta standpunkt til høgskolen si framtid.

Av Svein Lund, Guovdageaidnu

Sámi allaskuvla eller Samisk høgskole i Guovdageaidnu er den einaste høgare utdanningsinstitusjonen med undervisning, administrasjon og forsking på samisk. Derfor spelar høgskolen ei svært viktig rolle for utviklinga av samisk språk og utdanning for det samiske samfunnet. Skolen oppfyller likevel bare ein liten del av behovet for høgare samisk utdanning, og har store planar for vidare utvikling.
Da utdanningsminister Kristin Clemet på forsommaren la fram Stortingsmeldinga om samisk høgare utdanning og forskning, sa ho, i følge den samiske avisa Min Áigi, at høgskolen må vurdere å lempe på språkkrava for å få fleire studentar. I meldinga seiast det at høgskolen må ".. vurdere praktisering av dette språkkravet på bakgrunn av den fremtidige studenttilgang."

Ønsker breiare tilbod

Samisk høgskole starta opp i 1989 med utgangspunkt i den samiske allmennlærar- og førskolelærarutdanninga, som tidligare hadde vore ved Høgskolen i Finnmark. Frå starten har leiinga ved høgskolen hatt eit sterkt ønske om å utvide tilbodet, både innafor lærarutdanning og innafor heilt andre område. Best har ein lukkast innafor samisk språk og pedagogisk vidareutdanning for lærarar. Samisk høgskole har i dag større faglig kompetanse og kapasitet i samisk enn nokon annan utdanningsinstitusjon, men får likevel bare gi opplæring til og med mellomfag. Av vidareutdanning for lærarar har ein gjennomført kurs i tospråkligheitspedagogikk, fleirkulturell forståing, vaksenpedagogikk og spesialpedagogikk. Nokre av studieopplegga er utvikla ved høgskolen og når det gjeld tospråklige og fleirkulturelle forhold er skolen leiande i landet.

Utdanningstilbodet i duodji (samisk husflid) ved Samisk høgskole var først nokre få vekttal som del av lærarutdanninga, men gradvis har dette blitt bygd ut og nylig er hovudfag i duodji blitt overført hit frå Høgskolen i Oslo.

Førre skoleåret gjennomførte skolen eit 10 vekttals kurs i joik og fortelling, eit tilbod som skolen har utvikla sjølv. I 2000 blei det første kullet tatt opp på journalistutdanninga, etter at ein i mange år hadde slitt med å få godkjenning frå departementet.

Sjølv om tilbodet etter kvart er utvida, er det framleis eit ganske smalt tilbod i forhold til behovet for høgare samisk utdanning. Det er mange år sidan høgskolen planla eit treårig studium i naturforvaltning, men til no har det vore umogleg å få departementet si godkjenning. I stortingsmeldinga er det antyda at ein kan få starte med nokre modular i naturforvaltning, men desse vil vere lite verd aleine. Det Samisk høgskole ønsker er ei profesjonsutdanning for folk i utmarks- og naturforvaltning, der ein kan legge vekt på eit samisk perspektiv.

Høgskolen har ein gong kjørt kurs i tolking, og det er stort behov og interesse for fleire kurs, men høgskolen har ikkje pengar til å sette dette i gang. I tillegg til dette har det i mange år blitt arbeida for ei høgare samisk utdanning både innafor kunst og teater, men dette har i første rekke stranda på at ein ikkje har fått godkjenning i departementet.

Ikkje av seg sjølv

Stortingsmelding 34(2001-2002), Kvalitetsreformen - Om høyere samisk utdanning og forskning, kom ikkje av seg sjølv. Sametinget og Samisk høgskole hadde lenge krevd ei slik stortingsmelding. Derfor arbeida Samisk høgskole overfor utdanningskomiteen i Stortinget. Når no Stortingsmeldinga endelig ligg føre, kallar høgskolen sin rektor, Kjell Kemi dette for ei historisk hending. Han seier meldinga er eit godt grunnlag å arbeide vidare på, men at innhaldet gjerne kunne ha vore meir konkret:
- I 2000 kom det to utgreiingar som gjeld samisk høgare utdanning, Nergård-utvalet om samisk lærarutdanning og Mjøs-utvalet om strukturen i høgare utdanning. Desse hadde tilsaman 40 tilrådingar som gjeld Samisk høgskole. Av desse har stortingsmeldinga bare følgt opp 2 fullt ut, og 15 i redusert eller endra form.

Kyrkje- og utdanningskomiteen i Stortinget arbeider no med stortingsmeldinga, og i november eller desember vil samisk høgare utdanning og forsking bli behandla i Stortinget. Saksordførar er stortingsrepresentant Raymond Robertsen frå Høgre og Finnmark. Da studieåret opna onsdag 28. august møtte han til debatt på Samisk høgskole, der han fikk med seg klare signal frå samiske forskings- og utdanningsmiljø og frå Sametinget. Sjølv kunne han ikkje love pengar, men han ga elles uttrykk for ei positiv haldning til samisk høgare utdanning og forskning.

Panelet på seminar om framtida til Samisk høgskole, 28.08.2002

Panelet på seminar om framtida til Samisk høgskole, 28.08.2002.
Frå venstre: Rektor Kjell Kemi, direktør Johan Klemet Kalstad, Nordisk Samisk Institutt, stortingsrepresentant Raymond Robertsen, møteleiarane Torkel Rasmussen og Magne Ove Varsi og sametingsrepresentantane Ragnhild Nystad og Steinar Pedersen.

Vitskapelig høgskole

Begge utgreiingane frå 2000 gikk inn for at Samisk høgskole må bli ein vitskapelig høgskole. Ein vitskapelig høgskole vil seie at høgskolen får ha studier opp til hovudfag og doktorgrad innafor sine spesialområde og at ein får langt meir kapasitet til forsking og utviklingsarbeid enn ein ordinær høgskole. Departementet har oppnemnt eit akkrediteringsorgan som skal avgjøre søknadar om oppgradering til vitskapelig høgskole. I stortingsmeldinga seier ein ikkje prinsipielt nei til Samisk høgskole som vitskapelig høgskole, men det kreves at høgskolen sjølv må kvalifisere seg og søke om akkreditering. Problemet er bare at utan større løyvingar ser ikkje høgskolen seg i stand til å oppfylle krava for å bli godkjent.

Ingen lærebøker!

På seminaret på opningsdagen synte ein av journaliststudentane fram pensumlista for journaliststudiet. Der var 4000 sider, men utanom samiskfaget er det ikkje ei side på samisk. Situasjonen er ikkje mye betre for lærarutdanningane. Men kven har ansvaret for å utarbeide lærebøker for høgskolen? Sametingets opplæringsavdeling har bare ansvar for grunnskole og vidaregåande opplæring. Skal ein få utvikla / omsett lærebøker på samisk må høgskolen rekne med å gjøre det sjølv. Men i dagens situasjon har ein knapt nok pengar til å gjennomføre undervisninga, ikkje til å frigjøre lærarar eller engasjere andre lærebokforfattarar. Med vilkåra som ein vitskapelig høgskole har, ville det vore meir overskot til forskning og læremiddelutvikling.

Læremiddelpedagogikk
Eit verkemiddel for å få fleire samiske lærebøker er Samisk høgskole sitt kurs i læremiddelpedagogikk. Her underviser Mathis Bongo i bruk av data i læremiddelarbeid.

Lærarutdanning på walk-over

Lærarutdanninga er trulig den utdanninga i Noreg som har vore utsett for dei mest hyppige reformene dei siste åra. I 1992 skjedde det store endringar da utdanninga blei utvida frå 3 til 4 år. I 1998 kom den neste reformen, LU98. Det blei sett ned eit eige utval for å utreie samisk lærarutdanning, og Samisk høgskole fikk derfor dispensasjon til å fortsette som før etter gamal rammeplan. Utgreiinga om samisk lærarutdanning kom i 2000. Det tok deretter to år før neste steget, som var stortingsmeldinga. I mellomtida har utdanningsdepartementet sett i gang ei ny reform av lærarutdanninga, og i byrjinga av september var det oppstartkonferanse for arbeidet med ny rammeplan, og Samisk høgskole må forhalde seg til dei nye planane som er under utvikling. Høgskolen har gitt uttrykk for eit klart ønske om eigen samisk rammeplan for heile lærarutdanninga, men har ikkje fått gjennomslag for dette.

Korleis rekruttere?

Rektor fortel at å betre studentrekruttering er eit kjernespørsmål for framtida til høgskolen.
- Det har i seinare tid vore varierande søkning til lærerutdanninga ved høgskolane i Norge. Samisk høgskole har til ein viss grad fått merke dette. Eitt år var det så få søkarar til lærarutdanninga at det ikkje blei sett i gang nytt kull. Derimot har søkninga til lærerutdanningane vore svært god i 2001 og 2002. Varierande rekruttering er problematisk når finansieringssystemet blir lagt om til å bygge på talet på studentar og avlagte eksamenar. Høgskolen og departementet er samde om at krav om studiekompetanse i samisk kan begrense studenttilgangen.
- Vi har hittil valgt å satse sterkt på samiskspråklige studietilbod, blant anna fordi Samisk høgskole er den einaste høgare utdanningsinstitusjonen som tilbyr slike studier - både som einskildfag og profesjonsutdanningar. Høgskolen har lenge ønska å betre situasjonen også for norskspråklige samar. Spesielt i kyst- og fjordområda manglar dei unge tilstrekkelige språkkunnskapar for å kunne studere ved Samisk høgskole. Derfor har vi arbeida med ulike opplegg både innan språkopplæring og lærerutdanning. Høgskolen har utarbeida ei kursrekke frå begynnarkurs til samisk semesteremne. Studentar som gjennomfører denne vil få eit grunnlag i samisk for å studere både ved høgskolens språkstudium og profesjonsutdanningar. Samisk høgskole ønsker å kunne tilby denne kursrekka som eit fast tilbod, men dette er dessverre avhengig av ekstern finansiering. Det må og opprettast ei stipendordning slik at dette ikkje blir ei økonomisk byrde for studentane. Desse opplegga kan tilpassast slik at ein kan tilby dei også utafor forvaltningsområdet for samisk språk. Men vi er igjen avhengige av både økonomiske og personellmessige ressursar for at dette skal være gjennomførbart.

Stortingsmeldinga tar ikkje opp spørsmålet om samiskkurs som grunnlag for rektruttering. Stortingsmeldinga sitt einaste bidrag er å love ei stilling for rekrutteringsarbeid. No ligg vona i at Kyrkje og utdanningskomiteen og Stortinget syner større forståing for høgskolen sine problem og utfordringar.


Fleire artiklar om samiske spørsmål eller skolespørsmål
Til startsida

sveilund@online.no