Artikkel i Klassekampen, mars 1987

Reindriftsskole på eitt rom

Av SVEIN LUND, GUOVDAGEAIDNU

Reindriftsnæringa spelar ei nøkkelrolle for samisk kultur og økonomi, seier regjering og Storting i meldingar og festtalar. Trass i festtalane: Den einaste skolen i reindrift i Norge lever under så tronge vilkår at Arbeidstilsynet trugar med pålegg om ikkje eigaren, Landbruksdepartementet, gjer noko før 1. april. Kva departementet vil gjere, har ikkje departementet bestemt seg for.

- Forholda ved reindriftskolen er ei hån mot samisk ungdom og mot reindriftsnæringa, seier rektor Hans Nilsen.

Reindriftsskolen har aldri hatt eigne lokale. Skolen blei oppretta i 1968, som ein klasse på Borkenes ved Harstad, i lag med Statens Gartnerskole. Da skolen i 1981 blei flytta til Guovdageaidnu, blei han midlertidig plassert i lokala til den samiske vidaregånde skolen (SVS). I 6 år har no dei to skolane vore nøydde å leve i eit sambuarskap ingen av dei ønsker. Eit sambuarskap som heller ikkje har vore prega av særleg hjartelege samarbeidsforhold. Det knirkande samarbeidet har vore medverkande til at reindriftsskolen dette skoleåret opplever dei trongaste vilkåra på lang tid: Eitt grupperom til klasserom for 10 elevar. Rektor, lærarar og kontorfullmektig har tilsaman eit kontor på 14 kvm. Dette skal og brukas til arkivrom, rom for dataanlegg, spiserom og garderobe. Det er plassen som bys elevar og tilsatte ved reindriftsskolen.

Dei 10 elevane er dei einaste i Norge som nå går fagkurs i reindrift. Dette svarar omtrent til agronomkurs ved landbruksskolane, eller VK I i vidaregåande skole.

Komite på komite

Det har ikkje mangla på forslag og komitear for å få reindriftsutdanninga opp på nivå med utdanninga for andre næringar. I 1979 kom Villmo-utvalet, som foreslo skolen bygd ut med grunnkurs, fagkurs, agroteknikarkurs, vaksenopplæring og desentraliserte kurs. I 1985 kom Grue-utvalet si innstilling om forsking og utvikling i reindrifta. Dette utvalet gikk stort sett inn for dei same forslag som var reist 6 år før, men ingen ting skjedde. For no kom det neste utvalet; Vibeutvalet, som gå inn for å overføre fagskolane i landbruket frå landbruksdepartementet til utdanningsdepartementet.

Nekta å leige

- Vi har forsøkt så godt vi kan å skaffe reindriftsskolen skikkelige forhold, seier leiar for styret, Jan Åge Riseth. - Men vi kjenner oss umyndiggjort av departementet. Da vi ikkje fikk dei lokala vi trengte av SVS, gikk styret ut på bygda og fant lokale vi kunne leige til undervisninga. Men da blei vi nekta av departementet.

Elevane streika

- I november gikk elevane ved reindriftsskolen til streik, fortel Magne Huuva, leiar for elevlaget. - Streiken varte ei veke, da lova departementet at nå skulle noko skje. Vi for til Oslo der vi hadde avtalt møte med landbruksministeren. Men der fikk vi bare snakke med dei gamle byråratane som vi har krangla med før. Vi fikk lovnad om at i løpet av veke 8 skulle det ha kome til ei ordning. Men no i veke 11 har vi enno ikkje sett noko til det.
- Men det er ikkje bare klasseromma dokker har klaga på?
- Lærarane har ikkje sjanse til å oppfylle dei fagplanane som er, for vi har omtrent ikkje lærebøker. For den praktiske undervisninga har vi og dårlige forhold. Vi manglar skikkelig våtrom / disseksjonsrom med utstyr. No har vi fått låne lokale i ein bilverkstad, men det er ikkje særlig eigna.
- Her har vore ein masse partar innblanda, og dei har skulda på kvarandre. Kem vil du seie har skulda for denne situasjonen ?
- Lærarar og styret for skolen har gjort så godt dei kan. Styret har erklært seg handlingslarnma. Dei forsøkte å leige lokale utanfor skolen, men blei nekta av departementet. Leiinga for Samisk videregående skole anser ikkje vi for våres leiing. KUD er ikkje vårt departement. Det er Landbruksdepartementet som må bære ansvaret.

Vil ha eigen skole

Kravet frå elevar, lærarar og styre er at Reindriftsskolen må skiljast ut som heilt eigen skole og få eigne lokale. Dette kravet har og fått støtte frå ei rekke lokale flyttsamelag. Men er det noko landbruksdepartementet ikkje vil love, så er det ein eigen skole for reindriftselevane.
- Da skolen blei flytta frå Borkenes, var det eit uttrykt vilkår at han skulle leggast fysisk og administrativt under den vidaregånde skolen i Kautokeino. Vi har verken budsjettmessige eller politiske fullmakter i departementet til å gå inn for ei deling no. Når dessutan Vibeutvalet samrøystes går inn for å legge også landbruksskolane under KUD, ville det vere ganske kjerringa mot straumen om vi gjekk inn for ei skilsmisse no, seier ekspedisjonssjef Casper Sundby. Han meiner det er samarbeidsforholda mellom reindriftsskolen og SVS, ikkje plassmangel, som er grunnen til den akutte situasjonen no i år. Sundby kan ikkje love konkrete tiltak frå departementet si side i nær framtid. Bortsett da frå at Arbeidstilsynet i Troms og Finnmark skal få svar før 1. april.


Til startsida

sveilund@online.no