Artikkel i YLI-avisa nr. 7 - 1976 (Utgitt av Yrkesskoleelevenes og lærlingenes interesseorganisasjon).
Artikkelen er skreve (under pseudonym) av Svein Lund, dengang elev ved Den samiske yrkes- og husflidsskole og medlem av YLIs distriktsutvalg for Finnmark.

Kantineprisane må ikkje overstige prisane i stortingskantina

Vi er ikkje så reint få tusen som er misnøgde med kantineforholda rundt om på skolene. Mange stader har ikkje kantine, andre stader er ho altfor lita, og ikkje minst prisane er altfor høge i forhold til dei stipenda som vi får. På mange skolar har kravet vore reist: Staten må ta ansvaret for kantinene og få prisane ned.

Kven skal kravet rettas til? Jo, det må vere Stortinget, det er jo dei som avgjør kor mykje pengar som skal gå til skolane.

I ein diskusjon om kva vi skal gjøre var det plutselig ein som sa: «Ja, men disse Stortingsfolka dei har jo langt over 100 000 i året sjølv, skal tru kva dei betalar på kantina? Det må jo vere rimeleg at vi i alle fall ikkje betaler meir enn dei.»

Altså: Vi ville finne ut kva prisane var på Stortingskantina. Kanskje dei visste det på YLI-kontoret. Nei, dei hadde prøvd i å ringe, men ikke fatt noe skikkeleg svar. Men prøv å gå på Stortinget sjølv, sa dei. Vel, vel, som sagt så gjort. Med skjelving i beina og Statsbudsjettet for -77 under armen bar det inn i løvas huie. Det skulle då vel gå an å komme ut av det med dei folkevalde?

Først bort til resepsjonen:
- Kan du seie meg kor Stortingskantina er?
- Kva skal De der?
- Eg kjem frå ein yrkesskole og skal undersøke prisane, vi vil samanlikne med prisane på kantina vår.
- Ja, jo ... vent et øyeblikk
Etter 30 minutter fikk eg snakke med kjøkkensjefen i telefonen. Jo, var det iorden for resepsjonen så kunne ikkje ho nekta meg å gå opp og skrive av.

Stortingskantina neste, opp med papir og penn. Hopetall av stortingsrepresentantar og anna fint folk gikk forbi mens eg skreiv av lista som var lang som eit vondt år, for ikkje å seie ei Stortingsperiode.
- Hva gjør De her?
- Hvem har gitt Dem lov til å gå opp hit?

Dei virka reint forskremt over å sjå ein ungdom stå der å skrive, til og med utan dress og slips. Ikkje før var eg kome gjennom lista, før ei sur kjøkkensjef kjem og seier at der har eg ikkje noko å gjøre. Nei, ut skulle eg, og nedi resepsjonen og meire kjeft; og kva i alle dager skulle vi bry oss oppi prisane deira etter.

Til sist hadde eg inntrykk av at stakk eg ikkje nå av, så blei eg vel putta inn, mistenkt for spionasje.

Men eg kom då utafor og velberga vekk med prislista i lomma, og her ser de ho:

PRISENE l STORTINGSKANTINA:

Små boller 0,75
1/2 julebolle m/smør 0,75
Lefser m/smør 0,75
Vafler m/smør0,40
Kokoskake 1,50
Kaffe på kanne NB! 0,80
Kaffe stor kopp 0,50
Te 0,80
Sjokoladekopp 0,80
Rundstykke m/ost 1,60
Rundstykke m/skinke 2,00
Smørbrod m/ost 1,50
Smørbrød m/sursild3,00
Smørbrød m/egg, ansjos 3,00
Smørbrød m/rull, sylte, stekt eller kokt skinke 3,50
Smørbrød m/reker, krabbe 5,00
Smørbrød m/roastbiff 5,00
Pils 4,00
Frokost 7,00
Middag 7,00-14,00
Suppe2,00

Lista er mye lenger enn dette, men vi har bare plukka ut eit lite utvalg. Heile lista kan fåes ved henvendelse til YLI-kontoret, Øvrefoss 14, Oslo 5, tlf. 380810.

Er det nokon yrkesskolekantine i landet som har så låge prisar og så godt utval? Det kan ikkje vere særleg mange. Her ser de kva Stortingsfolka meiner er høvelege prisar for folk med godt over 100000 i inntekt. Kva er då passande for skoleelevar med nokre få tusen i stipend? Kva meiner du?

Eg syns YLI bør ta dette opp som ei viktig sak og at vi må kreve:
- STATEN SKAL SØRGE FOR KANTINE TIL ALLE
- PRISENE MÅ I ALLEFALL IKKJE OVER DET DEI BETALER PÅ STORTINGSKANTINA!

R.S.


Til startsida

sveilund@online.no