Artikkel i Klassekampen 06.12.2001

Svein Lund:

Framleis langt fram for samisk opplæring

- Dei siste åra har det skjedd store framsteg for samisk opplæring, særlig i grunnskolen. Men samtidig er det store uløyste oppgåver innafor vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Slik oppsummerer Ellen Inga O. Hætta, når ho no går av etter nesten 8 år som direktør for det vi må kunne kalle den aller viktigaste institusjonen for samisk opplæring.

Av Svein Lund, Guovdageaidnu

Ellen Inga O. Hætta blei i 1994 tilsett som direktør for Samisk utdanningråd, dengang eit rådgivande organ for KUF. Når ho no går av nesten 8 år seinare, er det ikkje lenger noko som heiter Samisk utdanningsråd. No heiter det Sametinget – opplæringsavdelinga, og hennar overordna dei siste to åra har ikkje vore utdanningsministeren, men Sametinget. 1.desember gikk ho av, for å ta over som leiar i ein anna viktig institusjon for samane i Noreg; Reindriftsforvaltninga. Vi har tatt ein prat med den avtroppande og påtroppande sjef, for å høre kordan ho ser på den utviklinga ho har stått i spissen for og den ho skal forsøke å leie framover.
Vi startar med å spørre kva ho ser som dei viktigaste framstega samisk opplæring har oppnådd i løpet av dei åra ho har vore leiar.

Samiske læreplanar og læremiddel

- Det viktigaste er at vi har fått eit heilheitlig samisk læreplanverk for grunnskolen. Dette består av læreplanar i dei fleste faga og ikkje minst felles målsettingar for samisk opplæring. Det neste er at vi har fått kraftig auke i løyvingane til utvikling av samiske læremiddel. Da eg byrja hadde vi 3-4 millionar for året, dei siste åra har det vore 12-13 millionar. I dag er barneskolen rimelig godt dekt med samiske læremiddel. For ungdomstrinnet manglar det enno ein del, særlig innafor matematikk og naturfag. Og for vidaregåande er det bare eit par fag som er godt dekka. Dei aller fleste faga har framleis ingen lærebøker på samisk. Så vil eg nemne at Sametinget har fått hand om to nye område det siste året, nemlig støtte til samiske barnehagar og kompetanseutvikling for spesialpedagogiske tiltak. Til sist vil eg nemne at vi no har kome i gang med utvikling av eit samisk Skolenett. Her skal ein på Internett kunne finne fram til opplysningar om samisk opplæring, om lovverk, læremiddel, læreplanar osv. Samisk skolenett skal vere eit hjelpemiddel både for skoleadministrasjon, lærarar og ikkje minst for elevar. Det skal ikkje vere ein einvegskommunikasjon, men ein møteplass for utveksling av erfaringar for alle som har med samisk opplæring å gjøre.

Vidaregåande – eit svart hol

- Kva er dei største utfordringane framover?
- Dei største utfordringane for samisk opplæring i dag ligg utan tvil i vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Til no har vi ikkje hatt ressursar til å jobbe særlig mye med dette, men eg reknar med at det må vi få framover. Vidaregåande opplæring har det lenge vore som eit svart hol, mellom ein grunnskole med samiske læreplanar på den eine sida og samisk høgskole på den andre sida. Reform 94 tok i frå dei samiske vidaregåande skolane mye av det handlingsrommet dei til da hadde hatt. Dette kjem klart fram av evalueringa av samisk videregående opplæring under Reform 94, som Samisk utdanningsråd tok initiativ til. Etter at evalueringa blei ferdig i fjor har det dessverre ikkje skjedd så mye. Frå Sametinget ønsker vi å følge opp dette bl.a. med forslag til læreplanendringar. Men så langt har vi verken fått økonomiske middel til dette eller ei politisk avklaring for å sette i gang.

Enormt vaksenopplæringsbehov

- Blant samar er det eit stort udekka behov for vaksenopplæring. For det første er det generelt eit lågt utdanningsnivå blant vaksne samar. For det andre har den tidligare fornorskingspolitikken ført til at det er store udekka behov for samisk språkopplæring. I dag er dei eit mindretal av samane i Noreg som snakkar samisk. Og blant dei samisktalande igjen er det eit mindretal som kan skrive samisk. Det er mange år sidan Samisk utdanningsråd første gongen ba departementet om pengar til ein vaksenopplæringskonsulent. Vi fikk det ikkje da, og har heller ikkje fått det seinare. I samband med Kompetansereforma er det behov for å lage ein eigen samla plan for samisk vaksenopplæring, noko både Samisk utdanningsråd og Sametinget har foreslått for fleire år lenge sidan, men utan å få gjennomslag enno hos sentrale styresmakter.

Retten ikkje reell

- Opplæringslova sikrar i dag alle samiske elevar rett til samisk som fag, både i grunnskole og i vidaregåande skole. Men sjølv om det er eit framsteg å få denne retten inn i lova, er retten ikkje reell for mange i dag. For det første er det for lite samisklærarar. For det andre er det mangel på informasjon hos kommunar og fylkeskommunar. Forskrifter til opplæringslova seier at der det ikkje kan skaffast lærar lokalt, kan samiskundervisninga ordnast som fjernundervisning. Men staten dekker ikkje dei reelle utgiftene til fjernundervisning, derfor blir samiskopplæring ei økonomisk bør for kommunane. Det skal det ikkje vere, og det kan heller ikkje vere rett at foreldra må kjempe for at barna deira skal få opplæring i samisk.
Ei anna utfordring ligg i høgare utdanning og forsking. Det burde ha vore eit eige samisk forskingsråd og forskingsfond, og særlige middel øremerka for forsking der samisk er forskingsspråk. I dag går det aller meste av forskinga om samiske spørsmål føre seg på riksspråka eller engelsk, sjølv når det er samar som forskar og forskinga skjer ved samiske forskingsinstitusjonar.

Frå KUF til Sametinget

- For knappe to år sidan gikk de over frå å vere eit organ under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) til eit organ under Sametinget. Når ein ser det utafrå, ser det ikkje ut som så mye er endra. De sit i dei samme lokala, er i all hovudsak dei same folka og jobbar med dei same arbeidsoppgåvene; utvikling av læremiddel, læreplanar og andre hjelpemiddel for samisk opplæring. Kva har vore dei største endringane med overføring til Sametinget?
- Det er rett at dei oppgåvene vi gjorde før, dei gjør vi framleis, og vi har bare fått utvida med eit par stillingar, øremerka for barnehage og spesialpedagogikk. Men det viktigaste vi har fått i tillegg er at Opplæringsavdelinga no fungerer som politisk sekretariat for Sametinget i utdanningspolitiske spørsmål. For eksempel var det vi som utarbeida Sametinget si utdanningsmelding som kom i fjor vinter. Dette er eit svært spanande og interessant arbeid, det gjør at vi i større grad må spele ei samepolitisk rolle enn tidligare, da Samisk utdanningsråd bare var rådgivande for KUF. Samtidig vil eg gjerne få seie at Sametinget var svært heldige som fikk overta ein institusjon med så mye erfaring og kompetanse. Da Samisk utdanningsråd blei oppretta i 1975 var det ein av dei aller første samiske institusjonenane, langt eldre enn dei andre institusjonane som no er under sametingssystemet. Her er mye dyktige folk, mange har vore her langt lengre enn meg, nokre nesten frå starten.

- Det har lenge, bl.a. i diskusjonen rundt opplæringslova, kome krav om auka myndigheitsoverføring til Sametinget. Desse krava har blitt møtt med fleire motargument. Nokon ønsker prinsippielt ikkje å gi Sametinget meir makt, mens andre er skeptiske til at Sametinget har kapasitet og kompetanse til å ta på seg fleire oppgåver. Kva seier du til det siste argumentet?
- I dag har vi ikkje kapasitet til å ta ei rekke nye oppgåver. Om Sametinget skal få eit vidare ansvar, for eksempel for læreplanarbeid, for dei samiske vidaregåande skolane eller for vaksenopplæring, må vi sjølvsagt og få overført ressursar til dette. Vi vil måtte ha høve til å tilsette fleire folk slik at vi aukar kompetansen og kapasiteten vår. Så langt har all overføring av nye oppgåver og ført med seg overføring av middel. Så derfor er eg ikkje redd for å seie ja til nye oppgåver.

- Allereie opplæringslovutvalet foreslo for 6-7 år sidan å legge dei samiske vidaregåande skolane under Sametinget. Dette er enno ikkje avklara. Kordan vil du forklare dette?
- Det har vore svært ulike meiningar om dette, og KUF har fått motstridande signal frå skolane, frå styret deira og frå fylkeskommunane. Men no vonar eg det vil komme ei avklaring snart, etter at KUF har sett ned eit utval for å utgreie framtidig organiseringsform for skolane.

Omstilling igjen?

På 90-talet blei det i Indre Finnmark gjennomført eit omstillingsprogram for reindriftssamar. Dette førte til at reintalet blei redusert ein del, samtidig som mange reindriftssamar måtte forlate næringa. Mange fikk støtte i ein overgangsfase for å etablere seg i anna arbeid eller ta skolegang. Det blei sett i gang ei rekke kurs med sikte på omskolering av reindriftsamar. Omstillingsprogrammet blei møtt med hard kritikk, blant anna for å bryte med samisk kultur og tradisjonar. Reintalet blei redusert, men nye beiteundersøkingar på Finnmarksvidda viser at reintalet må reduserast ytterligare. Det kan derfor komme på tale med eit nytt omstillingsprogram. Kva bør ein da gjøre annleis enn sist?
- Det er mennesket som må stå i sentrum i omstillingsprosessen, ein kan ikkje bare telle rein og kvadratkilometer reinbeite. Reindriftsutøvarar har ein solid kompetanse på visse område. Det er viktig å ta utgangspunkt i denne og ikkje behandle ein reindriftsutøvar som ein som ikkje kan noko, sjølv om han kanskje kjem til kort om ein måler formelle skolekunnskapar på skoleverket sine premisser. I det første omstillingsprogrammet blei det satsa sterkt på studiekompetanse. Det kunne høve for nokre, særlig av dei yngste, men slett ikkje for alle. No har det blitt opna for vurdering av realkompetanse ved inntak til vidaregåande opplæring og høgare utdanning, og det kan gjøre det enklare. Her er det viktig at dei samiske vidaregåande skolane er med i vurderinga av realkompetanse, dei vil lettare sjå samiske kvalifikasjonar som det norske utdanningssystemet elles lett overser.

Ellen Inga O. Hætta har vore engasjert på mange område, blant anna i lokalpolitikken. Ein periode var ho ordførar i Guovdageaidnu. Partiet har i alle år vore Høgre, og når ein tenker på Finnmark Høgre si haldning til samiske rettar, kan vi ikkje anna enn å undre om det kordan det har vore i dette partiet å kjempe for samisk språk og kultur og for samisk sjølvstyre over samisk utdanning.
- Høgre sentralt har ein klar strategi for å bevare samisk språk og kultur. I Finnmark Høyre, derimot, har det vore veldig delt i samiske spørsmål.

- Vi har nettopp fått ei ny regjering der Høgre har ei framtredande rolle og utdanningsministeren. Kva ventar du av denne regjeringa i forhold til samisk opplæring?
- Vi har enno ikkje hatt møte med den nye politiske leiinga i KUF. Derfor er det for tidlig å gi noko seie noko om dei, seier direktøren diplomatisk.

Reindrifta til Sametinget?

- Sametinget har i lengre tid krevd å få råderett over reindrifta, mens mange reineigarar er skeptiske til dette. Kordan ser du Sametingets rolle i framtida i forhold til reindrifta og reindriftsadministrasjonen?
- Det er eit politisk spørsmål kva for rolle Sametinget skal spele i forhold til reindrifta og reindriftsforvaltinga. No går eg inn i ein administrativ stilling, og da vil det ikkje vere rett av meg å gi uttrykk for noko syn på det. Derimot er det ein ting eg gjerne vil ha sagt: Reindrifta er ei samisk næring, og dei aller fleste reineigarar har samisk som morsmål. Derfor er det ein heilt uhaldbar situasjon at bare eit lite mindretal i reindriftsforvaltninga meistrar samisk språk. Det er må vi gjøre noko alvorlig med.

- Du har alltid jobba i skole og administrasjon. Tør vi spørre: Har du no greie på reindrift?
- Eg har vore med på reinflytting, men elles har eg lita røynsle med praktisk reindrift. Men eg vil likevel ikkje seie eg er blank på dette området. Som ordførar i den største reindriftskommunen i landet, fikk eg god innsikt i reindrifta sine problem, og eg var bl.a. med i utvalet som foreslo Omstillingsprogrammet. Og ikkje minst har eg svært mange venner i reindrifta. Derfor kjenner eg meg trygg på at dei vil gi meg direkte signal, så eg ikkje bare får byråkratiinformasjon.

Reindriftsopplæringa i Noreg starta i 1968 og blei gradvis bygd ut frå eitt-årig til tre-årig. Men framleis fall reindriftsopplæringa mellom to stolar, etter som ho verken ga fagbrev eller studiekompetanse. I mange år arbeida Norske Reindriftssamers landsforbund og Samisk utdanningsråd for å få godkjent ei fagbrevsordning innafor reindrifta. I fjor blei faget godtatt etter Lov om fagopplæring i arbeidslivet. Og noko av det aller siste Ellen Inga O. Hætta fikk gjort før ho bytta jobb, var å overlevere opplæringsavdelinga sitt forslag til læreplan for lærlingeopplæring i reindrift.

Svein Lund

______________________________________________________________

Til startsida

sveilund@online.no