Reportasje frå opninga av Sametinget, Klassekampen, 12.10.1989

Får Sametinget makt?

Ole Henrik Magga blei som venta valgt til president i Sametinget tirsdag.

Av SVEIN LUND, Kárášjohka

Magga er valgt frå Guovdageaidnu og representerer Norske Samers Riksforbund. Han er professor i samisk språk og har tidligare vore leiar for NSR. Magga blei valgt med 30 røyster, mens 8 røysta for Arbeiderpartiet sin kandidat Steinar Pedersen frå Deanu (Tana). Nestleiar blei Mary Mikalsen frå Kåfjord i Troms, ho representerer og NSR, og dei øvrige tre i Sametingsstyret blei Lennart Mikkelsen frå Midtre Nordland, Ella Holm Bull frå Sørsameområdet og Alf Nystad frå Porsanger. Med dette har NSR sikra seg full styring, med 4 av 5 i sametingsstyret.

Ikkje før hadde representantane truffe kvarandre i Kárášjohka før fraksjoneringane og forhandlingane var i full gang på bakromma. I utgangspunktet hadde NSR nesten reint fleirtal med 19 av 39, mens DNA som einaste partigruppering hadde 7. Dei resterande 13 er alle valgt inn for lokale lister, men mange av disse er samtidig medlem av NSR.

På førehand frykta mange at Sametinget skulle bli ein arena for norsk partipolitikk. Denne frykten har alt synt seg å ikkje vere ugrunna. For midt i sametingsrepresentantar og andre som feira sametinget, finn vi fylkessekretær i Finnmark Arbeiderparti, Torbjørn Wilhelmsen.
- Ka du gjør her?
- Eg er her som partisekretær i samband med konstitueringa av gruppa vår.

Får Sametinget makt?

Bak den samstemte jubelen for Sametinget ved opninga ligg det store motseiingar som bare delvis kom fram til overflata i opningstala. Først no startar for alvor kampen om ka Sametinget skal bli. Vil Sametinget bli eit organ for reelt samisk sjølvstyre, eller blir det bare ei folkevald resolusjonskvern som staten ikkje treng ta omsyn til? I Sameloven heiter det at Sametinget sjølv velger ka for saker dei vil behandle, og at tinget har myndighet i den grad Stortinget bestemmer. Og det har dei så langt ikkje gjort.

Den nyvalde Sametingspresidenten, Ole Henrik Magga, har nylig understreka at Sametinget må få reell makt. Det samme gjorde alle representantane vi snakka med i Kárášjohka. På den andre sida er det lite som tyder på at styresmaktene er særlig villig til verken å gi frå seg makt eller lytte til råd frå Sametinget når samiske interesser kjem i strid med storsamfunnet.

I Skånland i Sør-Troms planlegg forsvaret ei større utbygging i eit samisk område, og både lokalbefolkninga og samiske organisasjonar har protestert kraftig. Men forsvarsminister Johan Jørgen Holst uttalte nylig at denne saka skulle Sametinget bare ikkje legge seg borti.

Pengemangel

- Skal de flytte til Karasjok no, spurde nokre ungar i Guovdageaidnu om familien til ein som var vald inn på Sametinget. Dei tenkte seg at Sametinget var som Stortinget, ein plass der ein sat på heiltid. Men dei treng nok ikkje flytte, for når Sametingsstyret no er vald, drar dei kvar til sitt og møtas ikkje før på nyåret. Det fins ikkje pengar til fleire møte på årets budsjett! Slik byrjar det alt å minne om det finske sameparlamentet som er omtrent handlingslamma, da dei ikkje har pengar til verken å tilsette folk eller halde møte så ofte dei treng. Førebels har Sametinget bare overtatt både budsjettet og administrasjonen til Norges Sameråd i Karasjok. Om Sametinget skal ha sete i Kárášjohka framover, er opp til tinget sjølv å avgjøre. Mange har ytra ønske om å legge tinget til eit sjøsamisk område.

Samisk på skolen

- Vi må få samiskundervisning i grunnskolen på alle trinn, også på kysten. Det er eit av dei viktigaste krava våre. Det seier Svein Henning Bårdsen som representerer Samelista i álaheadju/Fálesnuorri (Alta/Kvalsund) valdistrikt. Han er oppvokst i Kvalsund og høyrer til del mange samar som bare lærte norsk i oppveksten. Han arbeider som lærar og har studert samisk på universitetet i Tromsø. Svein er opptatt av at samiske barn som veks opp i dag og i framtida ikkje skal vere nøydd å dra like langt for å lære språket.
- Derfor vil vi ha samisk barnehage i Alta. Det har hittil stranda på kommunen. Eg håper at med Sametinget i ryggen kan lokale sameforeningar stå sterkare i å få gjennom slike krav overfor dei kommunane som er negative til samisk språk. For oss vil det vere svært viktig at den samiske språkloven blir vedtatt i Stortinget snarast.

- Ka slags liste er eigentlig Samelista i Alta/Kvalsund? Mens Svein Bårdsen sit og fortel at Sametinget ikkje har råd å ha møte før etter nyttår, kjem meldinga på Dagsrevyen om at Sparebanken Nord-Norge har fått 2 milliarder. Enno er det visst ikkje heilt daudt det nord-norske ordtaket om at «Det er forskjell på folk og finn!»

Kontroll over utmarka

- Sametinget må få kontrol over forvaltninga av utmarka i samiske område. Dette deier Lars Nilsen, bilmekanikar frå Manndalen i Kåfjord og stametingsrepresentant frå Nord-Troms.

For oss betyr det konkret at det Statens Skoger i dag styrer må legges under Sametinget. Dette er ei av dei første sakene eg vil reise i Sametinget.

- Ei anna svært viktig sak er forvaltninga av fiskeressursane. Dei samiske organisasjonane har mest engasjert seg i freding av fjordane. Men det er ikkje nok, når trålarane tar fisken langt ute i Barentshavet og ingen fisk får komme til land. Derfor må samiske interesser og inn i heile prosessen med fastsetting av kvotar og reguleringstiltak. I media snakkar ein om krise for fiskarane no. Men i Nord-Troms har ikkje fjordfiskarane hatt noko å gjøre på dei siste fem åra. Det som skjer no med dei strenge reguleringane frå neste år, er at fiskebruka og vil ryke, for dei vil heller ikkje få fisk frå trålarar og framandflåten

- Det er sjølvsagt naudsynt å kjempe for samisk språk og kultur. Men for meg blir det viktigaste å slåss for samisk kontroll over dei materielle ressursane som er livsgrunnlaget vårt. Vi ser no i Troms korleis Forsvaret turar fram og tar større og større område. No vil dei både ha ammunisjonslager i Skoddeberg og eit gigantisk skytefelt i Blåtind - Mauken.

- Du er vald inn på Samefolkets fellesliste, ei lokal liste for Nord-Troms valkrets. Er det mye som skiljer dokker frå NSR?
- Nei, det var motsetningar om personar i nominasjonen som gjorde at det blei to lister. Skulle det vere nokon forskjell måtte det vere at vi kanskje er litt hardare.

Prologen

Magnar Mikkelsen leste denne prologen, «Ved bredden av mulighetenes hav», ved opninga av Sametinget i Karasjok mandag 9. oktober 1989.

Hvor stort er det Sápmi vi snakker så om?
Hvem gikk opp grensen? Hvor ligger hovedstaden?
Våre egne veier og bruer, hvor leder de hen?
Nasjonaldagen vår, hvilken dato har den?
Og Sápmis grunnlov, på hvilket Eidsvoll ble den skrevet ned?
Og flagget, har det et hjemlands vinder å folde seg ut i?
Hvor er Samelands kongsslott og hovedgate?
Og folket, spredt i så mange landskap, er vi alle ført inn i tall?

Slike spørsmål i trange rom!
Tette vegger stenger oss inne.
Mørkt henger taket.
Luften vi puster i er stille og tørr.

Men jeg sier deg, sier deg det:
Lukk vinduet opp, la vinden fylle ditt øre.
Gå ut, over den skrinne molda,
over den mjuke lyngen,
opp på det nærmeste fjell,
og landskapet åpner sin favn.
Det er Samelands grunnlov,
båret av vindens tone,
skrevet i elvenes linjer,
på fjordenes breie flater.

Les skriften i fiskenes vak,
lytt til pludrende bjørk,
til rypa som kakler,
og sauen sitt såre brek.
Følg haresporet på snø og torsken sin skjebnedag.
Fra ditt nære fjell kjenner du brisen kjøle di panne.
Du skimter, gråblått, den store atlantiske strøm sige mot kysten,
innover fjorden, rik som den var
- og ennå salt, som vårt eget blod.

Her, ved den gamle verdens nordlige rand ligger Samelands vann og veier.
Her er vårt opphav.
Vi er spunnet av dvergbjørk og pors,
vugga som myrull på strå,
steget av isgrå fjorder,
båret av urstein i gråe fjell.

Men, i dette sekundet, i den neste timen, i kommende dager og år;
den paragraf og den forskrift,
det budsjett og den plan som legger din kurs
skrives ikke i breie daler, på åpne vidder, under fjellvannets mørkbotna øye.

Så reis deg fra stolen,
forlat disse trange rom, og all morken lære,
søk ut i menneskets praksis.
Les skriften i ruglete hender,
følg fiskeskøyte og plog.
Gå etter drømmekompasset vekk fra de skriftlærdes kammer.
Bær dine lengslers kartbok med deg
ut i det levende landskap,
inn i din egen dag.

Følg håpets høyder, en etter en inn i det blånende fjerne.
Gå myrlendets hovedgate mot skogholtets slott.
Følg forventningenes blinkende bekker ned befrielsens breie dal.
Lønna skal ferden skjenke.
Du møter den nye dagen, så blank og stille.
Regnet begynner å falle, mildt.
Du klatrer den siste skrenten
skimter i horisonten statelige fjell, kvite av rettferd,
veldige sletteland av ømhet.
Der framme øyner du kysten.
Svakt kruser vinden ei sitrende flate.

Du stanser og står der,
står der - og her, nå og alltid,
mennesket ved bredden av mulighetenes hav.


Til startsida T

sveilund@online.no