Debattinnlegg i Klassekampen 19.12.2012

Kva for eit paradoks?

06.12.12 har Klassekampen ein kronikk under tittelen "Rettighetsparadokset". Kronikkforfattarane er forskarar ved Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo, og dei har nettopp arrangert ein større konferanse om gruppeautonomi og kritikarane av denne. Ut frå dette skulle ein altså kunne vente at kronikken heldt eit høgt faglig nivå og at opplysningane som var gitt der var pålitelige. Det er derfor skremmande å sjå at dette ikkje er tilfelle, og at dei feilaktige påstandane så langt eg kan sjå heller ikkje er retta opp eller imøtegått i Klassekampen på dei dagane som har gått sidan kronikken sto på prent.

Ein stor del av kronikken tar opp forholdet mellom samar og nordmenn, der vi får gjentatt påstanden om at tiltak for å sikre samisk språk og kultur kan komme i "konflikt med interessene til (andre) nordmenn som bor der". Påstanden er ikkje nærare grunngitt, men det blir hevda at denne var eit "underliggende spørsmål i debatten om Tromsø skulle bli en del av forvaltningsområdet for samiske språk". Skulle ein ikkje kunne vente meir av seriøse forskarar enn at dei ukritisk bringer vidare slike ugrunna påstandar? Kor trugar dei samiske krava interessene til andre nordmenn? Deretter følger ei setning med blanding av unøyaktig språkbruk og forvrenging av fakta:
"Sterke følelser knyttet til dette kommer også til uttrykk i spørsmålet om hvilket språk som skal brukes på offentlige veiskilt i det som er definert som "samiske språkområder" og om bruk av samisk som undervisningsspråk for alle skolebarn i slike områder."

Striden om offentlige vegskilt er ikkje eit spørsmål om "hvilket språk" som skal brukast. Det er ingen som har krevd at dei norske stadnamna skal bort. Spørsmålet er om Noreg, i likskap med svært mange land i verda, har råd og toleranse til å ha fleirspråklige vegskilt i område der det finst stadnamn på fleire språk. Striden om dette har gått både innafor forvaltningsområdet for samisk språk (særlig i Kåfjord i Troms) og utafor (bl.a. Bodø og Skånland). Spørsmålet er derfor ikkje avgrensa til definerte "samiske språkområder", men aktuelt overalt der det finst samiske stadnamn. Det reelle problemet er at dei alle fleste samiske stadnamn ikkje synest i det offentlige rommet.

Forfattarane viser til spørsmålet om å gjøre samisk til undervisningsspråk for alle skolebarn i "slike områder". Kor er dette aktuelt? Er det dette som har ført til "sterke følelser"? Det som skiljer "forvaltningsområdet" frå andre kommunar i skolesamanheng er at elevar her har rett til å få samisk som undervisningsspråk, ein rett samisktalande elevar ikkje har utafor området, så sant dei ikkje kan danne ein klasse på minst ti elevar. Samtidig kan kommunane i dette området vedta å gjøre samisk til obligatorisk fag, noko 3 av dei 9 kommunane har gjort. Det vil seie at norsktalande elevar lærer samisk på sitt nivå, men får anna undervisning på norsk. Så langt har ingen nekta norsktalande elevar å ha norsk som undervisningsspråk, så kva er problemet?

Tilbake til "rettighetsparadokset". Det største paradokset eg ser er at folk som skal forsvare menneskerettane ikkje forsvarar urfolk sine rettar i Noreg, men derimot hiv seg ut i rekka av åtak på samiske rettar og folkeretten for urfolk. Det gjør dei ved å forvrenge samiske krav og framstille det som det er den urimelige minoriteten som er problemet. Korleis slike folk kan stå fram som ekspertar på menneskerettar, det er meg uforståelig.

Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie


Til hovedsida.