Innlegg i Finnmark Dagblad, 16.05.1998

Svein Lund:

Blir norsktalande diskriminert?

«Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv»

Finnmark Dagblad har 12.5. på førstesida eit stort oppslag om norsktalande som blir diskriminert ved Samisk videregående skole i Karasjok. To norsktalande elevar klagar fordi dei elevane som har samisk som morsmål får ein time ekstra på eksamen når eksamen foregår på norsk.
Ordninga med ein ekstratime på eksamen er meint som ein kompensasjon for dei som må ta undervisning og eksamen på eit anna språk enn morsmålet. Som alle veit tenker vi best på morsmålet, og om ein skal uttrykke seg på eit anna språk, vil det ofte kreve litt meir tid for å formulere seg godt.

Utanlandske studentar ved norske universitet har ei liknande ordning når dei må ta eksamenar på norsk, og eg har aldri hørt at studentar med norsk som morsmål har misunt dei denne timen. Sjølv gikk eg for nokre år sidan opp til eksamen i samisk, ein eksamen som var berekna for samisktalande. Da var det eg som nytte godt av denne ordninga, eg fikk ein time ekstra fordi eg ikkje hadde eksamensspråket som morsmål. Det var ingen av studentane med samisk som morsmål som gikk til avisene og sa dei var diskriminerte fordi vi som ikkje hadde samisk som morsmål fikk ein ekstra time.

Når ein norsk / norsktalande kjenner seg diskriminert av samar eller samisktalande er det med ein gong store oppslag i avisene. Når diskrimineringa går andre vegen, er det ingen som bryr seg. Det er så vanlig at det ikkje gir grunnlag for avisoppslag.
Norsk og samisk er etter lova likestilte språk. Samisktalande elevar finn seg rolig i at om dei søker seg til norske skolar går all undervisning på norsk, får dei nokre få timar med samisk som fag er dei vel nøgde. Det manglar enno mye på at samisk har ei tilsvarande stilling på dei samiske skolane. Minst 90 prosent av lærebøkene finst framleis bare på norsk, og sjølv om undervisningsdepartementet hevdar at det no er full lærebokdekning på samisk (!) vil dei ikkje vere med på å lovfeste retten til samiske lærebøker. Det er i dag godt mogleg å ta utdanning ved ein samisk vidaregåande skole utan å kunne følge undervisning på samisk, men heilt umogleg utan å kunne norsk. Vi kan ta for oss område etter område innafor skoleverk, offentlig administrasjon og private bedrifter. Overalt ser vi at det som finst på samisk er anten lik null eller ein lite brøkdel av det som finst på norsk. Kem blir da diskriminert?

I ein kommentar FD samme dag som dette oppslaget sto, etterlyser journalist Pål Hivand reaksjonar frå nordmenn (ikkje-samar) på hetsen mot det samiske.

Det er ei høgst betimelig etterlysing. Eg syns tida no er inne for å legge oss på minne orda til den store norske diktaren Arnulf Øverland: "Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv."


Til hovudsida.

sveilund@online.no