Artikkel i Klassekampen, 08.04.1998

Norsk båt i arrest i Polen

Den norskeigde båten Vestvang har lege i arrest i Gdynia i Polen sidan i fjor haust. Båten blei arrestert fordi reiarlaget Tresvik ikkje hadde betalt lønn til mannskapet på 6 russarar og ein norsk kaptein.

Av Svein Lund, Gdynia, Polen

Det var 14. august i fjor at det 1.000 tonn store bulkskipet Vestvang kom til Gdynia for å få utført nokre reparasjonar. 31. mars låg båten framleis på land på marineskipsverftet, og det er ingen teikn til løysing på konflikten. Saka har vore lite kjent i Noreg, men i Polen er ho omtalt i ei rekke lokalaviser, ei riksavis og eit skipsfartsmagasin.

Solidaritet / ITF

Det er sjøfarts- og fiskeriavdelinga av fagrørsla Solidaritet i Gdynia som har tatt seg av mannskapet sine interesser i saka, i eigenskap av lokal representant for den internasjonale transportføderasjonen ITF. ITF-inspektør Andrzej Koscik tar imot meg på kontoret sitt og syner den store mappa med papir om saka. Sjølv har han gjort mye for å få saka fram i polske media, no ser han gjerne at også norske media tar opp saka og vonar det kan vere med på å legge press på reiaren.

I eit brev reiaren har sendt til ein av dei russiske offiserane ombord 11 dagar etter at båten kom til Gdynia heiter det (vår omsetting frå engelsk):

"Pengane vil bli overført til dykk ein etter ein, først deg, deretter NN og så vidare. Det er naudsynt å gjøre det på denne måten, vi ventar på USD 30.000. Om de ønsker å lage problem for oss og alle andre kan de kontakte ITF. Det einaste som vil skje er at det vil ta mye lengre tid, og vi vil bli brakt inn i ein krigssituasjon. I ein slik situasjon vil det vere bare taparar og ingen vinnarar. Alle de har vore her så lenge at de veit de vil få pengane. Men vi må motta frakta først."

Men dette skremte ikkje mannskapet, snarare tvert om, og 5. september 1997 kontakta 4 av russarane ITF og fortalte at dei ikkje hadde fått lønn i 1997 i det heile. Koscik sendte da krav til reiaren og saka til den polske arbeidsretten med krav om at båten skulle bli tatt i arrest til lønna var utbetalt.

Reiarkonglomerat

Brevet til mannskapet er undertegna "Terje Vorland, for Kåre Gangstø" og sendt på papiret til A/S Vang Shipmanagement. Men det er A/S Tresvik som er oppgitt som reiarlag for Vestvang. Begge firmaene har adresse postboks 75, 1719 Greåker og samme Terje Vorland skriv og under papir for Tresvik. Vestvang seiler under bekvemmeligheitsflagget til St. Vincent, ein av dei 27 bekvemmeligheitsflagga som vi finn oppslått på veggen på ITF-kontoret i Gdynia til skrekk og åtvaring.

Dette er ikkje første gongen ITF har problem med skip frå Vang-gruppa. Dei har og måtte ta seg av manglande lønnsutbetaling til mannskapet på søsterskipet Østvang, under rederiet Tres-shipping men med samme eigar, først i Szczecin i Polen i fjor vår, så i Skive i Danmark i haust. ITF-magasinet Seafarers' Bulletin nr. 11/97 fortel at det russiske og polske mannskapet gikk til streik i Szczecin og fikk utbetalt $50.000. Da hadde først ITF slått alarm over heile Europa for å åtvare mot reiaren som ikkje betalte hyra som var avtalt for mannskapet på Østvang og dei 5 søsterskipa. Forutan Vestvang og Østvang skal det vere Nordvang, Sørvang, Fjellvang og Fjordvang. Disse er såvidt vi kjenner til eigd av kvart sitt reiarlag med felles operatør.

Dobbel avtale

10. september 1996 underteikna reiarlaget kollektiv avtale med Sjømannsforbundet, Maskinistforbundet og Sjøoffisersforbundet. Denne avtalen har reiaren seinare påstått at var oppsagt og ugyldig, men utan at fagforbunda har mottatt noko oppseiing. Samtidig har mannskapet blitt pressa til å underteikne ulovlige individuelle kontraktar med mye lågare lønn. Men sjølv ikkje denne lønna blei utbetalt.

- I september sendte eg krav til reiaren på over 700.000 kr, fortel Andrzej Koscik. Seinare slutta ein til av russarane seg til kravet, og ettersom dei ikkje fikk betalt, auka det for kvar dag. Kapteinen mønstra først på i juli, så han valde å vente. Samtidig kjente han vel som skipsførar ein viss lojalitet til reiarlaget. Men tilslutt sprakk det for han og, og han ba oss ta saka.

Tung prosedyre

- Å få satt ein båt i arrest er inga enkel sak, fortel Andrzej Koscik. Vi sendte saka til arbeidsretten i Gdynia, men dei avviste først å ta arrest. Så anka vi til appellretten, og der fikk vi medhold. Da var det blitt 21. oktober,og først 21. november tok hamnepolitiet i Gdynia arrest i båten. På grunn av denne tungvinte prosedyren skjer det altfor ofte at skip stikk av før vi får arrestert dei.

Ein av russarane hadde alvorlig sjuk kone heime i Russland og han klarte i oktober å få pengar av reiarlaget så han kom seg heim. Seinare på hausten fikk og fleire av mannskapet utbetalt pengar og dro heim til Russland. Problemet er at verken dei eller reiaren har opplyst til ITF kor mye dei har fått.

- Vi er redde dei har blitt pressa til å skrive under på å godta mindre enn det dei hadde krav på, seier Koscik.

ITF har no på nytt sendt krav til arbeidsretten om forlenga arrest, denne gang på grunnlag av krav frå kapteinen og den russiske maskinisten som framleis er ombord.

På marineverftet

Nabobyane Gdansk og Gdynia har tilsaman eit av dei største hamneområda i Europa. Kvar av byane har 3 større skipsverft, derav eit, det tidligare Lenin-verftet i Gdansk, no er konkurs. Men i Gdynia er alle verfta i drift, og for ein utanforståande er det ikkje bare å finne fram i skogen av kraner og båtar. Vestvang ligg på marineverftet, Stocznia Marynarka Wojenny. Sjølv om vi i dag ikkje ser anna militært her enn eit veteranskip som var med i kampane om Narvik og som no skal pussas opp for igjen å bli museum i Gdynia, så er kontrollen militær nok. Sjølv om kapteinen på Vestvang møter oss i porten tar det nesten ein time å få den naudsynte passerseddelen for å få følge med ned til båten, etter at vi har fått endevendt passet, levert frå oss fotoutstyret og skreve under på alle data og halve livshistoria som skal sendas til Warszawa for å komplettere den mappa det polske POT trulig har på oss frå dei beslagla ulovlige intervju med Solidaritets-leiarar på 80-talet.

Verftet er ikkje noko lite område, men etter slalomgang mellom bygningar og skip frå halve verda ser vi det blå skroget til Vestvang. Under Vestvang-namnet i baugen kan vi enno lese det gamle namnet Tevla, som skuta blei døypt da ho blei sjøsatt frå Ørens Mek. Verksted i Trondheim for over 30 år sidan.

- I morgon skal ho på sjøen, seier kapteinen, men har ikkje vidare tru på at dei blir å legge frå land med det første. Han fikk ikkje lange tida på sjøen med Vestvang, det blei ikkje stort meir enn ein tur til Svalbard etter kol. Dette er første gongen han er borti dette reiarlaget, og han kan love at det også skal bli den siste.

Ved landgangen heng ein av dei to russarane som enno er ombord. Kapteinen har døypt han "Abrakadabra" ettersom han ikkje er så sterk i russiske namn, og dette er det næraste vi får lov å komme til å skrive namn på nokon av mannskapet.

Bare problem

- Eg har no vore med på mye rart i alle åra mine til sjøs, men aldri maken til dette showet, seier kapteinen. - Skipperen skal liksom forsvare rederiet, men ein stad går grensa. Da eg passerte 300.000 i pengar tilgode fikk eg nok. Eg kjente ikkje så mye til reiaren da eg tok hyre ombord her, men etterkvart har eg fått høre litt av kvart. Det førre mannskapet tok det visst 10 månader å få finansiert avmønstringa av. Eg trur alle disse Vang-båtane har vore arrestert ein eller fleire gonger. Slike rederi øydelegg for alle som driv seriøst, både hamnestyresmakter og leverandørar må skjerpe inn på alle vilkår når det er reiarar som aldri betaler i tide.

Ombord i båten blir vi tatt med på kapteinens kontor, bak den talande meldinga på døra: "I will be back later". - Som du ser er ikkje standarden noko å skryte av, seier kapteinen, men meiner likevel båten er i brukbar stand for alderen. Direkte farlig er han no ikkje.

Derimot skal ein av dei andre Vang-båtane nylig ha blitt kondemnert etter at Veritas ikkje ville gå god for han. Og standarden på den internasjonale handelsflåten gir all grunn til bekymring. Ein statistikk frå omtalte Seafarers' Bulletin viser at skipa under bekvemmelighetsflagg ligg på topp i ulykker og forlis, og det er knapt tilfeldig. Andelen av flåten som segler under slike flagg har auka jamnt og er no oppe i 46% av verdsflåten. Da er enno ikkje dei såkalla andreregistera som det norske og danske skipsregisteret medrekna.

Vang Shipmanagement hører ikkje akkurat til gigantane i norsk shipping. Firmaet blei stifta 16.2.95 og har ein aksjekapital på 50.000 kr. Alle aksjene er eigd av Kåre Gangstø, som og er einaste styremedlem. Varamedlem er Terje Vorland.

- Bare sprøyt!

Vi ringer Vang Shipmanagement i Greåker og får først tak i Terje Vorland, mannen som har underteikna dei fleste breva i saka. Når han hører det er snakk om Vestvang, vil han ikkje seie eit ord til pressa, men han er samtidig veldig ivrig etter å finne ut kor vi har opplysningar frå. Han viser til sjefen sin, Kåre Gangstø, som vi omsider får i tale.

- Det er ingen som ikkje har fått det dei har tilgode hos oss, påstår han.

- ITF seier at dokker hadde personlige avtalar med mannskapet som ga lågare hyre enn ITF-tariffen..

- Det er bare sprøyt. Vi har betalt etter ITF og alle russarane som har reist heim har fått etter denne tariffen.

- Ka med kapteinen?

- Den russiske kapteinen ...

- Nei den norske kapteinen.

- Å ja, han, du meiner NN. Han er no eigentlig ikkje kaptein, han er ein slags inspektør, han representerer oss mens båten ligg i Gdynia. Vi har sendt han pengar kvar veke, seinast for to dagar sidan, Han har 150.000 tilgode som han skal ha når båten er ferdig, men det er ein avtale han har akseptert.Og han er den einaste ombord i Vestvang no.

- Er der ikkje og ein russisk maskinist?

- Jo, men han er ikkje ferdig med kontrakten sin, han vil få det han skal ha før han mønstrar av.

- Dokker har og hatt ein anna båt i arrest, Østvang.

- Vi er i rettssak med ITF om den saka, den skal opp for retten i Danmark i løpet av april. Vi har anmeldt ITF for dokumentforfalskning fordi dei har tilbakedatert ein avtale frå september til juni.

Til slutt kjem Gangstø med ei dårlig skjult åtvaring: - Det er dei som har prøvd å skrive om oss før, men dei har blitt tvunge til å trekke det tilbake.

Så vi skal la vere å skrive nokon konklusjon enno. Gangstø har faksa over papir på at 3 av russarane har mottatt den lønna dei hadde tilgode 28.11.97. Men om reiaren har rett i at alle har fått det dei skal, korfor er så båten framleis i arrest. Det er så langt eit ope spørsmål.


Til startsida

sveilund@online.no