Sett frå Polen - Serie i Klassekampen 1999-2000

Ownice - Ei historie om forfall

Det har vore nordmenn i Ownice før meg. Få år etter krigen kom det nokre nordmenn hit. Dei leita etter lika av nordmenn frå tyske konsentrasjonsleiar. I denne leitinga trong dei hjelp av lokalbefolkninga. Kordan kunne ein så vite ka for beingrinder som var norske? Jo, hadde nordmennene sagt, ein skulle sjå etter dei hovudskallane som hadde to store fortenner i overmunnen. Historia har sidan vandra ned gjennom generasjonane, og om ikkje alle hadde truffe ein nordmann, visste dei at han skulle vere noko liknande ein bever i kjeften. Så forfattaren av disse linjer for nokre år sidan for første gong blei presentert for ein familie frå Ownice, fikk han etterpå fortalt at han var blitt nøye studert og kommentert slik: «Dei seier han er nordmann - men han ser da ganske normal ut». Nokre år seinare får eg sjansen til ved sjølvsyn å sjå denne landsbyen der befolkninga rett etter slutten på Hitler sitt raseregime fikk oppleve overlevde norske førestellingar om den norske rasen sine særtrekk.

Før krigen kan Ownice ha hatt ein 4-500 innbyggarar. Så vidt vi veit i dag, var dei alle tyskarar. Dei blei i alle fall rekna som tyskarar i 1945 da den nye grensa mellom Tyskland og Polen blei strukke langs elvene Odra og Nysa, eller Oder - Neisse som dei framleis seier på andre elvebredden. Og som tyskarar skulle dei kollektivt staffast for nazismen sine ugjerningar. I denne ei av verdshistorias største etniske reinskingar måtte fleire millionar pakke saman det dei kunne bære med seg og gi seg av garde til ei ukjent framtid lenger vest, der Tyskland framleis skulle vere Tyskland. Igjen i Ownice blei ein tysk familie til dei døydde ut på 60-talet. Deretter var minnet om den tyske landsbyen som på polsk fikk namnet Ownice bare ein kyrkjegard med tyske inskripsjonar på gravsteinane. Mange av dei kan lesas den dag i dag, sjølv om alle jernkorsa er samla saman for sal som skrap.

Men Ownice skulle raskt bli fyllt opp igjen. For den andre store etniske reinskinga var allereie i full gang. Sovjetunionen var sigerherre og sigerherrar skal ha sitt, i dette tilfelle ein tredel av førkrigs-Polen og ein bit av Tsjekkoslovakia. Polakkane i det etnisk blanda tidligare Aust-Polen blei ikkje direkte deportert slik ein del tyskarar blei frå Polen. Men dei fikk klar melding om at dei ikkje var ønska der lenger. Etter å ha opplevd terror frå ukrainske nasjonalistar og hørt om Sovjet sine deportasjonar av polakkar frå Aust-Ukraina såg dei lita framtid i å bli sovjetborgarar. Mange av dei var bønder og dei visste at sovjetstyre betydde kollektivisering. Polske styresmakter lova derimot at dei kunne få overta gardar i dei no nesten folketomme områda i det nye Vest-Polen. Dei måtte befolkas med polakkar for å sikras mot at tyskarane skulle ta det tilbake. Slik gikk det til at dei tomme husa i Ownice blei fyllt opp med flyktningar og fordrivne frå aust, frå område som i dag ligg i Ukraina. I 1957 kom ei ny bølge polakkar frå Ukraina, og så blei grensa stengt, og ein kunne ikkje på legalt vis treffe familie og kjente på andre sida. Det fortellas at nokon frå Ownice likevel klarte å komme seg på illegalt vis tilbake på kort besøk på 70-talet.

Dei fleste nyankomne var bønder der dei kom frå og i rundt Ownice låg jordene klare. Her var og ei vassmølle som i tillegg til å male kornet leverte den lille straumen landsbyen trong. Men ei privateigd mølle var ikkje ideologisk korrekt i det sosialistiske Polen. Som produksjonsmiddel måtte ho overtakas av staten. Det betydde likevel ikkje at staten gjorde noko for å drive ho, og resultatet blei at landsbyen for mange år blei utan strømforsyning. Mølla datt etterkvart saman og i dag står bare fundamentet igjen. Som det einaste landet i Sovjet-blokka lot Polen dei private bøndene beholde jorda si. Men flyktningane frå aust som fikk jord, fikk ho ikkje til odel og eige. Dei fikk leige ho for 99 år, og om ungane ville overta etter foreldra, måtte dei betale ei kraftig avgift til staten. Når dei gamle nådde pensjonsalderen måtte dei gi frå seg gard og grunn dersom dei ville ha pensjon. - Kommunismen i Polen hadde både gode og dårlige sider, kommenterer ein polakk med røter i Ownice. - Men Ownice fikk bare dei dårlige.

Dei private bøndene blei tolerert, men heller ikkje meir. I 40 år var det offisiell ideologi at dei var baktunge og reaksjonære og representantar for det gamle samfunnet. For dei millionane som i tillegg var røska opp frå røtene var det ikkje mye som inspirerte til å satse på utvikling av jordbruket. I dag er det ein ny ideologi som rammar dei polske småbøndene. Dei er i dag det største hinderet for å få Polen inn i EU. Og resultatet for bonden blir det samme: vekk frå jorda for den som ser eit alternativ.

I dag bur kanskje halvparten igjen av dei 500 som eingong var Ownice. Skolen er lagt ned, og det var ikkje nok folk igjen til å protestere. I mange hus bur det bare pensjonistar, mens andre står tomme og forfell. Nokre hus er allereie jamna med jorda, mens andre ser ut til å kunne ramle saman ka tid som helst. Vi går ein runde i landsbyen i lag med ei av dei som framleis held koken. Nokre få hus er nylig pussa opp. Det er tysk-polske familiar som har kjøpt dei opp. Om dei bur der? Nei, dei brukar det bare til feriehus. Jordene rundt landsbyen ber preg av å ha sett bedre dagar. Det vil seie at mesteparten av jorda ikkje er dyrka på nokre år. Nokon har ku i fjøset og gjess i bakgarden, men det er og det meste av jordbruket. Og ka gjør så dei som bur her? I beste fall jobbar dei i kommunesenteret. I verste fall går dei på ledigheitstrygd og på fylla. For alkoholismen er ein av dei få tinga som gror her. I den grad her er initiativ blir det i liten grad brukt til ærlig næringsverksemd. Derimot har ein frå landsbyen slått seg opp som hallik med både russiske og polske horer i næraste by. Som i Noreg er det ulovlig, alle i landsbyen veit det, knapt nokon er særlig glad for det, men ka kan dei gjøre? Ein annan skal og ha gjort det godt. Den lokale presten har tre landsbyar og tre kyrkjer å skaffe seg inntekter frå. Mens dei fleste andre prestar tar betalt etter evne og vilje har denne faste takstar på alle kyrkjelige tjenester. Ettersom Polen ikkje har statskyrkje har dei heller ikkje noko regulativlønn for prestar. Mens kyrkjene forfell har presten forsynt seg grådig av kollekten og skiftar stadig til nyare og større bil.

Like ved Ownice er det tre naturreservat, eit av dei er blant dei største fuglereservata i Mellom-Europa. Etter 2-3 km langs ein umerka skogsbilveg kjem vi fram til distriktet sitt einaste turistanlegg: Ein campingplass med hytter ved eit idyllisk fiskevatn. Men han som driv campingplassen ser alt anna enn polsk ut. Jo, han er visst frå Russland ein stad, seier dei. Nokon meiner han er armener, men dei veit ikkje riktig. Med skogar og myrer som er mangelvare i hjartet av Europa, få mil frå næraste storby, få mil frå tyskegrensa skulle turistnæringa ha ei stor framtid. Men så langt har ingen frå landsbyen satt igang noko. Men noko skjer: Butikken er pussa opp og ryktene seier at nokon vil bygge eit nytt bolighus. Det blir isåfall første sidan krigen, det første i det polske Ownice.

Ka er så meininga med denne sørgelige historia? Jo, røsk opp folk med rota og plasser dei ein stad som ingen av innbyggarane har noko forhold til. Fortell dei at dei er gamaldagse, dumme og baktunge til dei trur det sjølv. Kapp hauet av eit kvart initiativ. Skift så ut styresett og ideologi i landet og med eit som dyrkar pengemakt og rask luksus og foraktar ærlig arbeid. Resultatet kan studeras ikkje bare i Ownice, men i ei rekke landsbyar i Polen og store delar av det Sentral- og Aust-Europa som no har fått ein skakkjørt «sosialisme» erstatta med mafiakapitalismen.

Svein Lund

___________________________________________________________

Dette er nummer 4 i ein serie med små artiklar frå Polen. Vil du lese dei andre?

1. Left is right and right is wrong

2. Med Microsoft mot trygdekonkurs

3. Eitt land, eitt folk, eitt språk

5. Voff på polsk

________________________________________________

Fleire artiklar om Polen
Til startsida

sveilund@online.no