Baksideartikkel i Klassekampen, 29.05.1998 Svein Lund

Det nye jernteppet - del 2

Del 2, tenker du, og hugsar ikkje at du har sett nokon del 1. Og det er kanskje ikkje så rart. Del 1 av serien "Det nye jernteppet" sto nemlig her på baksida av Klassekampen i august 1989. Og ettersom 9 år er meir enn normal tid mellom delane i ein følgjetong, skal eg starte med ei kort oppsummering:

Det gamle Jernteppet gjennom Europa falt som kjent på den tida, under stor jubel både i aust og i vest. Vi i Vest hadde syntest så synd på dei bak Jernteppet som ikkje fikk reise ut av landet sitt. Men ikkje før var murar og piggtrådgjerde byrja å falle, før pipa fikk ein annan låt. Når nokre hundretusen av dei tok den nyvunne reisefridomen på alvor, da var det ikkje så gildt lenger. Noreg svarte mellom anna med å innføre visumplikt for Romania, det einaste austeuropeiske landet med visumfridom til da. Del 1 av denne serien var historia om dei viderverdigheiter ein polakk måtte gjennom for å komme på ferie til Noreg i 1989, inkludert formell invitasjon stempla av politiet, 4 månader ventetid på visum, skytteltrafikk mellom konsulat, ambassadar og UD, einvegs transittvisum gjennom Finland med ulovlig tilbakereise osv.osv.

Men i dag er alt fred og glede mellom Polen og, hadde vi nært sagt, dei andre vestlige landa. Polen har fått eit høgst vestorientert styre med ein kapitalisme så rå at Maggie Thatcher ikkje kunne gjort det verre. MacDonalds har erobra hovudjernbanestasjonen i Gdansk, Daewoo og Fiat har overtatt bilindustrien, tyskarar og nordmenn har kjøpt opp mesteparten av dagspressa. Det manglar bare å få sendt eit par millionar bønder og gruvearbeidarar ut i arbeidsløysa så er Polen eit perfekt medlem av det gode selskap.

Så jernteppet er forsvunne som dogg for sola. Eller? Nei, det er bare Festung Europa som er i ferd med å flytte murane 70 mil austover. For det grenselause Europa har ei bakside, og den som står på ventelista til EU og NATO har sine plikter å fylle. For å få vere med i det gode selskap i vest må ein snu ryggen til dei fattigare naboane i aust. Derfor innførte Polen frå 1. januar i år etter krav frå EU visumplikt mot Russland og Kviterussland, og Ukraina står for tur. Og visumplikta er ikkje bare ein formalitet, det er månadar å vente og prisen er meir enn ei russisk månadsløn.

Resultata har ikkje latt vente på seg: Russarmarknadane er borte, grensehandelen redusert til eit minimum og mange varer er ikkje lenger å få tak i på verken eine eller andre sida av grensa. Ein blir istaden avhengig av mye dyrare import frå vest. I løpet av vinteren har opptil fleire hundre tusen arbeidsplassar gått tapt på grunn av grensestenginga. Ikkje bare handelen blir stansa. Eit idrettslag i Gdansk hadde i fleire år hatt stevner for ungar frå Polen, Sverige, Litauen og Kviterussland. Men i år fikk dei melding om at kviterussarane ikkje fikk komme, pga. dei nye visumreglane.

Białowieża heiter ein liten tettstad heilt aust i Polen. Her ligg ein nasjonalpark som grensar direkte opp til nasjonalparken på kviterussisk side. Men grensa er stengt. - Vi er ikkje mot europeisk integrasjon, sa ein kar i Białowieża. - Men vi syns ikkje noko om at han skal stoppe 2 km herifrå.

Reiserestriksjonane for den gamle Aust-blokken gjaldt ikkje bare vestover, men og innafor Aust-Europa. Dei siste åra har dette letta og ein har fått eit omfattande samarbeid over grensene: økonomisk, kulturelt og sosialt. Dette samarbeidet er no erklært farlig for den europeiske integrasjonen.

I løpet av året skal det norske Stortinget avgjøre om Noreg skal slutte seg til Festung Europa alias Schengen eller EU sitt justis- og politisamarbeid. Vi har og ei grense austover, som har opna seg på gløtt etter 70 år. Vil vi vere med å skru klokka tilbake?


Første del av denne serien finn du her: Det nye jernteppet

Ei slags fortsetting av historia finn du her: Med to slags pass til Festung Europa

Tilbake til Ugras - Vevstaden til Svein Lund

sveilund@online.no