Bokmelding av
Ugo Bardi: Extracted – How the Quest for Mineral Wealth Is Plundering the Planet

ugo

Ein planet under plyndring

Aldri har eg vore nærare ved å seie at ei bok er verdas viktigaste. I alle fall er denne boka ei av dei sterkaste åtvaringane som har kome om kva retning verda går i, og kva som blir konsekvensen om vi ikkje snur. Dommedag er varsla mange gongar, både på religiøst og meir eller mindre vitskapelig grunnlag. Men denne gongen kjem vi ikkje unna: Vi er i ferd med på eit par generasjonar å tømme ressursane av minerala som er nødvendige. Vi kan ikkje halde fram slik.

Det var ganske tilfeldig at eg kom over boktittelen. Eg hadde skrive om mineralutvinning i Noreg, og var i ferd med å vende blikket utover i verda, og spørje kva som eigentlig skjer med utvinning, bruk og avfallshandtering for mineral i den store samanhengen. Så dukkar det opp at ein for meg ukjent forfattar har skrive boka "Extracted – How the Quest for Mineral Wealth Is Plundering the Planet". Denne måtte eg bare ha, og etter ein månads venting kom boka i posten frå Amerika.

Skrivaren av denne bokmeldinga er normalt ikkje veldig ivrig etter å kaste seg over bøker på engelsk. Da må det vere om svært viktige spørsmål, og at det ikkje finst noko tilsvarande på norsk. Begge delar er tilfellet her. Inntil vi forhåpentlig kan få boka på norsk, vil eg derfor i alle fall bidra med å gjøre merksam på henne og trekke fram noko av det viktigaste i bodskapen til forfattaren.

Boka startar med korleis det heile byrja, korleis jorda blei danna og dei forskjellige grunnstoffa og etter kvart minerala blei konsentrert i visse delar av planeten. Betre enn eg har sett nokon gong før forklarer han kva som ligg i "Gaia – den levande planeten", at det er vekselverknaden mellom mineral og biologisk liv som har skapt den jorda vi har i dag. Det er vel kjent at utan liv hadde vi verken hatt kol, olje, naturgass eller kalkstein, mindre kjent er at tidlige livsformer også la grunnlaget for oksygenrik atmosfære og for mineral som jernmalm.

I omlag 4,5 milliardar år gikk denne utviklinga sin gang, fjellkjedar blei bygd opp og brote ned, gjennom vulkanske prosessar, forskyving av kontinentalplater og nedbryting og sedimentering blei nokre grunnstoff og mineral konsentrert i visse område. For eit par millionar år sidan byrja menneska sine forfedre å utnytte visse mineral til reiskapar og våpen, og for mindre enn 10000 år sidan byrja dei første menneska å utnytte metall og etter kvart metallegeringar. Først fann dei metall i rein form, som koppar, gull, sølv og jern. Dei rike kjeldene av reine metall var ikkje store, og etter kvart lærte menneska seg å utvinne metalla frå malm. Dei første malmane låg i overlata og var rike, men etter kvart måtte ein djupare ned og ta ut fattigare malm. Samtidig auka både folketalet i verda og forbruket av forskjellige mineral pr. innbyggar. Nye oppfinningar auka behovet for mineral, både dei som lenge hadde vore drive på og dei som tidligare hadde fått ligge i fred.

Kan vi ikkje bare halde fram slik i det uendelige? Jordskorpa inneheld jo 5 % jern og 8 % aluminium og dei forskjellige metalla finst praktisk talt overalt. Kan vi ikkje bare lage oss universelle gruvemaskinar, gå laus på kva som helst fjell og ta ut alt vi treng, eller filtrere ut alle metalla av havvatnet, spør Bardi, og han forklarer grundig kvifor vi ikkje kan det. All mineralutvinning krev energi, og jo fattigare førekomstar vi driv på, jo meir energi forbrukar vi for å ta ut ein kilo jern, koppar eller gull. Og energien må produserast, bl.a. ved hjelp av dei minerala vi vinn ut. Til sist kjem vi til det punktet der vinninga går opp i spinninga. I prinsippet kan vi trekke ut uran av verdshava, skriv Bardi, men dette vil krevje like mye energi som det same uranet vil kunne produsere i eit kjernekraftverk.

For fleire mineral har verdsproduksjonen allereie passert toppunktet, og for andre vil det komme snart. Og med det enorme forbruket vi har i dag, vil vi bruke langt kortare tid på å tømme ressursane enn den tida vi har nytta dei hittil. I boka viser forfattaren klart at vi ikkje kan halde fram å tappe ut stadig fleire ressursar. Jo fattigare malm vi driv på, jo meir avfall vil forureine land og hav, ta nødvendige område frå jordbruk, skogbruk og fiskeri, jo meir må vi auke energiproduksjonen. Kva er så svaret? Kan vi resirkulere oss ut av problema? Resirkulering er nødvendig, men gir bare ei utsetting på problema. For det første blir store delar av metalla vi brukar rett og slett oppbrukte, i den forstand at dei slitast ned til støv, andre delar blir så blanda med andre stoff eller brukt i så små mengder på kvar plass at dei ikkje er praktisk mogleg å resirkulere. Og resirkulering krev også energi, i mange tilfelle mye energi, som igjen krev meir metall. I praksis kan vi som gjennomsnitt rekne med 50% resirkulering i første omgang. Neste omgang gir da halvparten av halvparten, osv. og etter 4-5 bruksperiodar er det ein ubetydelig del igjen.

Kva er så løysinga? Den lettvinte løysinga der vi kan kjøpe eller forske oss ut av problema finst ikkje, seier Bardi. Det har allereie gått så langt at om menneskeheita skal overleve på jorda, kan vi ikkje halde fram med stadig større forbruk. Vi kjem ikkje unna å redusere forbruket. Og ikkje minst, vi må produsere gjenstandar som varar lengre og som ikkje må skiftast ut alt i eitt. Sluttkapitlet har tittelen: "Konklusjon – ein mineral-eskatologi". Det er ikkje på meir enn to sider, og eg syns dei er verd å gjengi her, i mi eiga omsetjing:

"Eschatos er eit gamalt gresk ord med tydinga "sist" og termen "eskatologi" har blitt brukt til å vise til den endelige slutten på verda og menneskeætta, eit omgrep til vanlig reservert for religiøse eller filosofiske studium. I nyare tid har det oppstått ein ny form for eskatologi – fysisk eskatologi. Studium på dette området undersøker korleis Jorda vil ende ettersom sola utviklar seg, og korleis universet vil ende ettersom det ekspanderer. Tidsskalaane for desse naturlige prosessane kan dreie seg om milliardar av år. Likevel, dersom vi definerer "eskatologisk" i tydinga "som skjer i stort format" og samtidig "ugjenkallelig", ser vi at vi står over for ei verkelig mineralsk eskatologi som kan skje innafor levetida til dei fleste av dei menneska som lever i dag.

I dei siste få hundreåra har Jorda sett ein gigantisk kjemisk reaksjon sett igang gjennom brenning av karbon som har vore gøymd i jordskorpa i hundrevis av millionar år. Reaksjonen sette fart og brann med ein meir og meir intens flamme. Vi er kanskje på toppen av denne enorme flammen, og kanskje vi no byrjar å sjå han vise teikn til nedgang. Som alle flammar, vil denne enorme kjemiske reaksjonen gjøre slutt på brennstoffet sitt, og til slutt vil han slokne ut.

Alle dei store fossile båla minskar, og dei andre mineralressursane som planeten hadde akkumulert over tid er også i ferd med å forsvinne i form av dei høgt konsentrerte malmane som har blitt brukt til å bygge opp samfunnet vårt. Ein dag i framtida, utan årer, utan brønnar, utan malmar, vil vi sjå forsvinninga til gruvemaskinane, boreriggane og offshoreplattformene. Vi vil sjå forsvinninga til heile konseptet av gruver, hol grove djupt i undergrunnen for å avsløre dei verdfulle metalla som planeten akkumulerte for oss for lenge sidan. Gruvearbeidarar vil og forsvinne, med hakkene sine, hjelmane sine, lysa sine og dei skitne ansikta.

Det er enden på ein periode, som i geologisk forstand, var ekstremt kortvarig men for oss syntest å vere den måten ting skulle vere for alltid. Det var ikkje slik, det var bare den korte perioden vi kallar Antropocen, der menneska trudde dei var meistarar over heile planeten. Men planeten blei plyndra til den ytste grensa og det vi vil ha igjen er bare oska av eit gigantisk bål. Vi overlet til etterkomarane våre ei tung bør i form av radioaktivt avfall, tungmetall spreidd over heile planeten, og drivhusgassar, mest CO2, akkumulert i atmosfæra og absorbert i hava. Jorda vil aldri bli den same, den er i ferd med å bli forvandla til ein ny og forskjellig planet.

Det viser seg at vi fann ein måte til å reise til ein annan planet utan at vi trong å bygge romfartøy. Det er ikkje opplagt at vi vil like plassen, men det er ingen veg tilbake, vi vil måtte tilpasse oss til dei nye forholda. Det vil ikkje bli lett, og vi kan spekulere om det vil føre til samanbrotet for den strukturen vi kallar sivilisasjon, eller til og med utryddinga av arten menneske. Men ingen av delane er uunngåelig.

Gjennom å bruke solenergi og teknologi som ikkje krev sjeldne og truga grunnstoff, er vi fullstendig istand til, i prinsippet, å bygge eit samfunn som meistrar energistraumar samanliknbare med dei vi har i dag. Det er ikkje umogleg å lukke kretsen av sjeldne mineral om vi lærer oss å bruke mye mindre. Vi kan lage eit samfunn som er i stand til å bruke denne energien til å halde ei redusert forsyning av mineral tilstrekkelig til å halde oppe ein industriell infrastruktur. Dette samfunnet ville måtte vere ekstremt forsiktig for å unngå å sløse med dei verdfulle ressursane, og det ville sjå nokre av vanane våre – for eksempel reiser med jetfly – som farlig ekstravaganse. Men eit slikt samfunn kunne oppretthalde det teknologiske nivået vårt og forbetre det. Det ville kunne engasjere seg i utforsking av verdsrommet, i grunnforsking, i utviklinga av kunstig intelligens, i alle former for kunst, og i andre menneskelige aktivitetar som ikkje kan tenkast utan rikdomen som kjem frå ei monalig forsyning av energi og materiale.

Gjennom å bruke denne forsyninga kan vi klare å halde oppe – og framleis auke – kunnskapen som vi har samla opp i dei siste tusenåra. Vi kan bruke denne kunnskapen til å reparere den skaden som vi har forårsaka i planeten sitt økosystem og returnere det til den situasjonen det hadde da vi arva det – ein planet rik på liv og mangfald, ein situasjon vi kan halde på i tusener av år, eller lenger."

Forfattaren er italienar, professor i fysisk kjemi i Firenze, og det som gir boka truverd er det solide vitskapelige grunnlaget hans. Boka har til no kome på tysk, engelsk, fransk og rumensk, og det er på høg tid vi får ei utgåve på norsk. Eg vonar det er eit forlag som kjenner seg kalla og vil sende denne bokmeldinga til nokre av dei. Men boka er skrive på eit språk som er lett forståelig for oss med vanlig skoleengelsk og eg vil oppmode alle som klarer å lese såpass til å starte med det same. Her vil miljøvernarar kjenne seg igjen i mye, men vil også sjå at situasjonen er meir alvorlig enn dei kunne førestille seg. Og eg vonar at nokre politikarar og ikkje minst forkjemparane for styrking av norsk mineralutvinning vil våge å lese boka og deretter innsjå at dei må snu opp ned på dei fastgrodde tankemønstra om evig vekst.

Svein Lund
http://gruve.info


Til startsida

sveilund@online.no