Debattinnlegg sendt aviser 29.09.2019

Forsvar rørt natur!

Har du ikkje hørt om «rørt natur»? Men «urørt natur» har du sikkert hørt om. Ein liten sjekk på nettet gir for «urørt natur» og «uberørt natur» til saman over 150000 treff, mens «rørt natur» og «berørt natur» til saman gir under 1000. Dette trass i at det aller meste av naturen vår slett ikkje er «urørt». Spørsmålet er om vi i det heile har urørt natur. Mye av den «urørte» naturen er i reindriftsområde, men da er ikkje naturen urørt, men derimot brukt eller rørt. Sjølv om naturen ikkje er ødelagt, har bruken til beiting, jakt, fiske og sanking ført til endringar i vekster og dyreliv og til kulturminne i utmarka, ofte langt frå «sivilisasjonen». Å snakke om dette som «urørt natur» vil seie at ein ikkje ser eller ikkje anerkjenner den bruken som har vore av desse områda og som framleis pågår. «Urørt natur» gjør brukarane av naturen usynlige og derfor rettslause. Kven har rett til å bruke ein natur som i prinsippet ikkje er brukt? Ingen – eller alle. Dei som har brukt desse områda i mange generasjonar blir taparane. Omgrepa som «urørt natur» og «villmark» bør derfor bli erstatta med «natur utan større tekniske inngrep», evt. kortforma «inngrepsfri natur».

I samband med debatten om vindkraftutbygging seier mange at turbinane ikkje må byggast i urørt natur. I den naturen som allereie er rørt, der er det visst derimot fritt fram. Dette er eit katastrofalt standpunkt fordi den rørte naturen, nærnaturen, er minst like viktig for menneska, for dyre- og plantelivet og for klimaet. Nærnaturen ligg gjerne nærare større inngrep enn ein kilometer, ja kanskje heilt i vegkanten, mellom husa, på strendene av regulerte innsjøar, som smale remser av tre og busker langs elver og bekkar gjennom oppdyrka område, i parkar i byane og i trea på tun og i bakgardar. Det er den naturen som dei fleste av oss kjem i kontakt med til daglig, og som betyr mest for oss. Denne naturen har ein svært stor del av artsmangfoldet både av planter, sopp, insekter, fugl og andre dyr. Det er den naturen dei fleste blir først kjent med som barn, det er der dei skal lære å kjenne artane, kva vi kan bruke og kva vi bør halde oss unna, det er der vi går eller joggar tur, plukkar blåbær eller bringebær, sopp og forskjellige nyttige planter. Både i Noreg og ikkje minst i meir tett befolka land bidrar denne rørte naturen avgjørande til karbonbalansen.

Sjølv tilbringer eg mesteparten av tida mi på to stadar. Den eine er ein tettstad i ein stor naturkommune, med utmark som ofte er omtalt med dei noko misvisande uttrykka «urørt» og «uendelig». Likevel er også her nærområdet det viktigaste for svært mange av oss, det området som ikkje har status som «urørt». Der er naturvernarane opptatt av at det ikkje blir etablert gruver og vindkraft i område så avsides at få av oss ser dei. Kanskje vi burde vere like opptatt av å sikre mindre naturområde i nærområdet der vi bur, f.eks. ved barnehagar og skolar. Den andre staden er i eit blokkområde i ein større by. Der kjempar naturvernarane for å hindre husbygging og vegar på dei siste grøne lungene med meir eller mindre naturlig skog og kratt, der ein kan gå tur med eller utan hund, høre fuglesang, hauste litt bær og litt nytteplanter. Naturen her er verken urørt eller inngrepsfri, men han er likevel viktig og nødvendig. Naturvern må ikkje bare vere vern om dei «urørte» områda, men like mye om dei som er utvilsomt «rørte». Det må vere ein kamp for at menneska skal ha ein plass i naturen utan å ødelegge han, og for at naturen skal ha ein plass i menneska sitt livsmiljø, anten det er i «villmarka», i dyrka område, i industriområde eller i bustadområde. Forsvar den rørte naturen!

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no