Innlegg i Klassekampen 19.12.2002

Svein Lund

Toler ikkje Klassekampen kritikk?

Som mange av Klassekampen sine lesarar er kjent med, men som det sikkert og er mange lesarar som ikkje er klar over, har det frå 1996 eksistert ei diskusjonsliste på internett under namnet "Klassekampen-forum", eller bare "KK-forum". Lista har vore administrert av Trond Andresen i Trondheim, og til no har diskusjonslista blitt dreve i forståing med leiinga for avisa. Her har det blitt gitt ros og ris av avisa, diskutert spørsmål i tilknytning til saker som er tatt opp i Klassekampen og deltakarane har informert kvarandre om interessant lesestoff. Diskusjonane på KK-forum spela ei viktig rolle i kampen om Klassekampen før redaktørskiftet i 1997.

Den siste tida har det på KK-forum blitt reist ein del prinsipiell kritikk av Klassekampens linje, både når det gjeld geografisk, klassemessig og kulturell innretting. Redaksjonen har blitt skulda for sensurering av kritiske innlegg, noko redaktøren har nekta for at har foregått. Det har kome fram kritikk av lønnspolitikken til Klassekampen, der ein har gått bort frå tidligare likelønnspolitikk med å gi eit kraftig lønnstillegg til redaktøren. Etter at lønnspørsmålet kom opp på KK-forum foreslo ein journalist i avisa at Klassekampen skulle bryte eit kvart samband med KK-forum. Dette som dei fleste knapt kunne tenke seg var alvorlig meint, har no skjedd. I førre veke forsvann linken frå Klassekampens nettstad til KK-forum. Og administrator for KK-forum mottok følgande brev frå KK-redaktøren:

Trond Andresen
Klassekampen ønsker ikke lenger å ha noen forbindelse til KK-forum. Vi kan ikke nekte noen å drive et nettsted, men vi vil ikke bidra til å gi det en "halvoffisiell" status. Vi ber derfor om at passasjene i webstedets "formålsparagraf" der det gis inntrykk av at det er et samarbeid mellom Klassekampen og KK-forum fjernes.Vi ber samtidig om at navnet Klassekampen-forum forandres til noe som ikke kan forbindes med avisa. I formålsparagrafen ber vi om at følgende punkter tas ut
"KK vil etter behov informere om KK-F i avisa."
"(KK-forum er etablert og drives av andre) men i forståelse med Klassekampens redaktør"
"Klassekampens web-side har ei lenke til KK-forum"
Vennlig hilsen
Bjørgulv Braanen

Som alle kan sjå er det ikkje gitt noko grunngiving for dette. Men eg kan ikkje sjå anna enn ein mogleg grunn: Klassekampens redaksjon ønsker ikkje debatt om den politiske linja for avisa eller om organisatoriske prioriteringar. I avisa kan dei sensurere bort kritiske innlegg, på ein nettstad har dei ikkje den makta. Som Braanen skriv: "Vi kan ikke nekte noen å drive et nettsted". Nei, heldigvis kan dei ikkje det, for alt tyder på at dei hadde nekta det om dei hadde kunna. Det dei derimot kan, er å skyve frå seg så langt som råd folk som står på Klassekampens føremålsparagraf, som ønsker å arbeide for utvikling av Klassekampen, men som ikkje deler den innrettinga den noverande redaktør ønsker på akademiske kulturradikalarar i Oslo i staden for arbeidsfolk rundt i landet.

I staden for lenke til Klassekampen-forum har det no på Klassekampen sin nettstad kome opp ein lenke til noko som kallar seg "halv7" eit debattforum i Oslo som skal diskutere om radikalisme er mogleg og andre meiningslause spørsmål. Det er altså bare debatt i Oslo som er interessant for Klassekampens redaksjon.

I avisa for tirsdag 17.12. står det over heile forsida: "Kampen vil stå om Oslo". Skal no også EU-kampen brukast til å legitimere KK-redaksjonen sin konsentrasjon om Oslo-gryta?

Klassekampen er ikkje nokon privateigedom for redaktøren eller redaksjonen. Det er ei avis som gjennom vel 30 år er bygd opp av innsats frå tusenvis av folk rundt om i landet. Utan oss ville avisa ikkje ha oppstått, utan støtte frå oss vil avisa gå konkurs på kort tid. Redaksjonen er no i ferd med å støyte frå seg støttespelarane for å satse på marknaden. Da er det på tide at vi reagerer.
Forsvar Klassekampen som eit organ for fri og open meiningsutveksling!
Nei til sensur!


Til

sveilund@online.no