Artikkel i Klassekampen, 26.05.1988

Av SVEIN LUND og GEIR JOHNSEN

Åpne sosialregistre i Alta kommune

Datalister over utbetalingar til sosialklientar i Alta har vore tilgjengeleg for uvedkommande.

Kommunen har ikkje sikra dataanlegget slik Kommunedata tilrår. Samme system brukes av fleire hundre kommunar over heile landet.
 Dette er eit velkjent problem, seier spesialkonsulent Johs.Hansen i Datatilsynet. Alta kommune har saman med fleire andre kommunar brukt fullt namn på klientane i rekneskapssystemet. Dette er i strid med våre retningsliner for kommunalt rekneskapssystem.

Bekrefter

Sosialsjef Arild Trøan bekrefter at uvedkommande har hatt adgang til opplysningane om utbetalingar til sosialklienter og forklarer det slik:
 Vi brukar Kommunedata Nord i Tromsø og kjører alle kommunerekneskap on-line til Tromsø. Rekneskapen for sosialhjelp er det berre kommunekassa, rådmann og ordførar som har rett til å sjå. Men då vi oppdaga at fleire kunne skaffe seg dette over dataanlegget, måtte vi finne metodar å stoppe det på. Det meiner vi no er gjort tilfredsstillande medan vi venter på klarsignal for å kjøpe eit nytt datasystem. Vi vurderer fleire alternativ kor dei sensitive data er på eit eige system, seier Trøan. Sosialsjefen understrekar at han ikkje har kjennskap til at nokon har misbrukt dei opplysningane dei fekk tilgong til.

Feil bruk

 Vi kjenner berre til ein i kommune til forutan Alta som har hatt tilsvarande problem, seier administrerande direktør i Kommunedata Nord-Norge A/S, Tor Øwre.  Alta kommune har ikkje handla i samsvar med våre råd. Dette har skapt problem for dei. Det handlar om eit økonomisystem kor mange har adgang til kontoane med utbetalingar til sosialklientane. Problemet er teknisk og oppstår når Alta lar sine terminalar få terminalnummer etterkvart som dei vert tilkopla om morgonen. Dette er i strid med intensjonane for systemet. Vi har forutsett at kvar terminal har eit fast nummer og dermed ein fast tilgong i systemet. Men kan det vere rett å bruke navn på personar i det heile tatt i eit rekneskap av dette slaget? Vi synes ikkje det. Men det er veldig få kommunar som gjer dette. Neppe fleire enn ei handfull, og som sagt kjenner eg ikkje til meir enn ein kommune som har hatt samme problemet som Alta.

Alle kommunar

Kommunedata har meir eller mindre alle kommunar i landet som sine kundar. Heile 320 av dei 448 kommunane står som eigarar av Kommunedata og kjører store delar av sine datatjenester over Kommunedata sine sentrale anlegg. Ein del kommunar er og tilknytta regionale anlegg kombinert med minimaskinar dei eig sjøl. Både skatteavrekninga og bostøtta frå samtlege kommunar vert kjørt over Kommunedata sine sentrale anlegg. Oslo kommune nyttår kommunedata til lønnsavrekning og elavgift. I Nord-Norge er samtlege 90 kommunar knytta til Kommunedata Nord sitt anlegg i Tromsø.

Aukande problem

Den sterke auken i kommunikasjonsløysingar gjer at problemet med å skjerme tilgangen på følsomme opplysningar vert forsterka. Johs.Hansen deltar i ei arbeidsgruppe som skal lage utkast til sikringsforskrifter til personregistra.
 I utkastet stiller vi krav om at terminalar med tilgong på særleg sensitive personopplysningar skal ha ei fast tilknytning til systemet. Dette har ikkje det systemet ein nyttar i Alta, seier Johs.Hansen. Dei nye forskriftene er no til diskusjon i Justisdepartementet og vil truleg verte vedtatt så snart som råd.


Til hovudsida.

sveilund@online.no