Reportasje i Klassekampem 29.11.1982

Fagopplæring i fiskeindustrien:

- Livet er for kort til å vente på staten!

VARDØ — Fagopplæring er ein av flaskehalsane når det gjeld å sikre arbeidsplassane i fiskerinæringa. Tusenvis av arbeidsplassar langs kysten er i dag truga. Desse kan tryggast, med ei aktiv satsing på høgforedling og nye produkt. Men det manglar kunnskaper i fiskerinæringa til å utnytte dei resultata forskninga har gitt på dette området.
«Alle» er samde om at fagopplæringa i fiskeindustrien må styrkast. Men når det kjem til konkret handling, gjeld til fulle regelen om at livet er for kort til å ha noko med statsadministrasjonen å gjere.

Tekst og foto: SVEIN LUND

I alle fall er det gått sytti år sidan den. første innstillinga om fagutdanning i fiskeindustrien vart lagt fram. Ho var ikkje så ulik mykje av det som blir diskutert no.
Dette kom fram på ein konferanse om fagopplæring i fiskeindustrien som vart halde i Vardø 17. november. Der innleia mellom andre Knut B. Jørgensen frå Norges Fiskerihøgskole om det arbeidet som er gjort for å få fagutdanning for fiskeindustrien.

Innstilling for papirkorga

Jørgensen satt sjølv som formann for eit utval som i 1979 konkluderte med at det måtte innførast fagbrev for fiskeindustriarbeld, og at det var behov for å utdanne 400 fagarbeidarar og 60 arbeidsleiarar i året. Jørgensen-utvalet si innstilling blei sendt til Fiskeridepartementet der dei har skuffar for slikt. Så blei utdanning for fiskeindustri overført til Kyrkje- og Undervisningsdepartementet og dei har visst ikkje lagt innstillinga i skuffa, men kasta ho rett i søplebøtta. Slik tolka i alle fall fleire av innleiarane det faktumet at KUD ikkje stilte opp på konferansen.

Ikkje noka mindreverdig utdanning!

- Fagopplæringa må ikkje bare foregå på skolen, sa Per Alf Andersen, Nord-Norgessekretær i NNN. - Vi kan ikkje godta at det blir gitt fagstatus til dei som har gått på skole utan at medlemmane våre ute i industrien og får sjansen.
Og vi krev ei skikkeleg opplæring, ikkje noko mindreverdig fagbrev. Staten må bruke midler frå arbeidsløysetrygda i staden for permitteringar i perioder med lite råstoff.
Andersen sette utdanninga i samanheng med kampen for busettinga i Finnmark. Skal fiskeindustrien kunne halde på arbeidarane, må ein kunne tilby noko anna enn einsidig arbeid for dårleg løn og inga opplæring. Skal vi halde oppe fiskeindustrien, må denne kunne følge med den tekniske utviklinga, og da trengs det utdanna folk. I dag er det masse maskinar som går for halv kapasitet eller står på grunn av mangel på teknisk personale.
Det er ikkje berre arbeidarar og formenn som treng opplæring, det gjeld og bedriftsleiarar, meinte Andersen. Han ville bort frå tradisjonen i fiskeindustrien med å rekruttere bedriftsleiarar etter familiære og personlige forhold utan omsyn til kompetanse.

Arbeidsgjevarane sine representantar på konferansen støtta fullt ut kravet om styrking av fagopplæringa for fiskeindustrien.


"Slogskolen"

«Slogskolen» heiter han på folkemunne. Og slog - fiskeavfall - er eit oppnamn som samsvarar godt med den behandinga Statens Fagskole for fiskeindustri har fått av styresmaktene. «Skolen arbeider i dag på dispensasjon frå de fleste lover og forskrifter innen hygiene, brann og arbeidsmiljø.» Slik skildrar styret for skolen stoda i dag, i ein nyleg vedtatt utbyggingsplan.

Det er omlag like mange sysselsette i fiskeria som i landbruket i Noreg. Men medan landbruket har omlaga 2000 elevplassar, har fiskerinæringa 200. Statens Fagskole for Fiskeindustri med sine 50 elevplassar er den einaste spesialskolen for fiskeindustrien i heile landet. Skolen har no blitt treårig og tilpassa det vidaregåande skoleverket.

Utbyggingsplanar

Ei utbygging og modernisering av skolen har lenge stått på ønskelista, og dei har no fått lovnad om løyvingar i 1984, etter fleire år på rad med nedskjæringar på budsjettet. Om det går etter skolen sine eigne planar, skal det da bli plass til vel 100 elevar, samt fleire nye tilbod, mellom anna teknisk fagskole.
I samband med utbygginga er det og planlagt at Arbeidstilsynet skal legge eit pilotprosjekt for betre arbeidsmiljø til skolen. Produksjonsavdelingane skal da rustast opp til å fylle krava i Arbeidsmiljølova. Med at skolen blir bygd som ei mønsterbedrift, håper ein at arbeidet.for bedring av arbeidsmiljøet vil sprele seg utover i industrien.

Eigen produksjon og produktutvikling

3-4 båtar leverer fisk til skolen, og utanom elevane er det 10 fast tilsette produksjonsarbeidarar. Den fisken som ikkje elevane sjølv et på kantina, blir solgt og er med å finansiere drifta av skolen. Og .produksjonen er allsidig. Vi fekk smake tørrfisk, hysekaker, røyka sild, uer og akkar, og baccalao. Særleg vil vi skryte av den røyka akkaren. Dette er eit produkt son enno ingen bedrift har satt i produksjon. Og gode idear kan det bli meir av framover, for rektor Thor Robertsen fortel at no er det planlagte å legge ein skipnad for produktutviklmg til skolen.


Fleire artiklar om fiske og fiskeindustri, faglig politikk og industri og utdanningsspørsmål.

Til startsida

sveilund@online.no