Artikkel i Klassekampen, 1986

MASKINAR ELLER KVINNER?

Ny teknikk skyver kvinnene ut av fiskeindustrien

Av SVEIN LUND

I dag skal det handle om Baader 184. Baader 184 er ikkje eit medlem av Baader-Meinhof-banden, men derimot ein filetskjæremaskin. Ein slik der du puttar inn ein torsk eller ein sei i eine enden og får ut ein filet i den andre.

Nordischer Maschinenbau AG heiter ein fabrikk som ligg i Vest-Tyskland, og som lagar Baader-maskinane. Det er eit skikkelig monopol. Alle fiskeindustribedrifter i Norge som driv med filetproduksjon av torsk, sel og hyse har Baader-maskinar. Baader kan altså ta seg betalt det dei vil. Og det gjør dei. På fabrikken i Tyskland har del heilautomatiske datatyrte dreie-, bore- og freseverk som spyr ut delar 24 timar i døgnet, mens arbeidstida bare er 8 timar. Likevel er det ingen sak med ein vanlig enkel dreiebenk og ein fresemaskin å lage reservedelar til 1/2 pris av det Baader tar, sjølv når ein bare lagar eit par eks. av gangen. Den mekaniske verkstaden i Norge som hadde satsa på dette kunne gjort det stort. Men ingen er i tvil om at dei ville fått Baader på nakken. Gjennom patentrettane greier Baader å halde utgiftene til filetfabrikkane oppe på eit kunstig høgt nivå.

KORT SKJÆREMASKINHISTORIE

Dei fleste som har jobba i filetindustrien kjenner Baader 188 eller 189. Her kjem fileten ut med skinn på, og det må stå ein arbeidar og legge fileten over på ein skinnesmaskin (Baader 47 eller 51). Men for 4—5 år sidan kom så Baader med sine 184 og 185-modellar. Her la fileten seg sjølv pent tilrette for skinnemaskinen, som nå var bygd saman med skjæremaskin, og vips, så var ein jobb for 2 blitt ein jobb for 1 arbeidar. Men fortsatt var det like mye å gjøre for kvinnfolka som sto og kappa rein filetane.

Men nå kjem det; den største hendinga for filetindustrien sidan dei første skjæremaskinane kom. I lag med 22 000 andre var eg i august på Nor-Fishing -86, verdas største fiskerimesse i Trondheim. Blant del 560 produsentane frå 23 land fann vi sjølvsagt Baader, med 184 i heilt ny utgave. Først blir vi imponert over automatisk veiing, så kapp-prosenten kan lesas av på veggen utan at nokon treng å rekne på det. Men det største nye er at denne maskinen har eigne knivar som skjærer ut tjukkfiskbeinet. Da skal det ikkje vere bein igjen for filetjentene, dei treng bare fjerne eventuelle blodflekkar og kveis i fisken. Det kan de gjøre ved eit band direkte kopla til maskinen og så kan éin kople til ein masikin som skjærer såkalla «loins» og «tails», passelige porsjonsstykker ferdig for pakking. Til neste år kjem dette utstyret og for Baader 185, som er ein meir allsidig maskin ettersom han tar fleire fiskestørrelsar.

KOR BLIR DET AV KVINNFOLKA?

Akkurat kor mange arbeidsplassar ein slik maskin vil erstatte er ikkje godt å seie, men eg trur ikkje eg tar for hardt i om eg seier at 1/3 til 1/2 av kvinnfolka i ein filethall blir overflødige om ein bedrift, tar spranget frå gamle Baader 188/189 til nyaste 184/185.

Eg seier kvinnfolk, for dei er mange og 90 prosent av filetkapparane og pakkarane, liksom mannfolka dominerer totalt i transport, innfrysing og vedlikehold. Det snakkas og skrivas mye om kvinneflukten frå fiskeristrøka. Frå før er her tynt med arbeidsplassar, utan fiskeindustrien er det ingen ting. Og det er dei jobbane som kvinnfolka har som nå forsvinn. Dei nye skjæremaskinane er bare ein del av biletet. Vi kan ikkje stoppe dei nye maskinane. Del jobbane dei erstattar er heller ikkje stort å trakte etter. Men det er arbeid. Skal det fortsatt bu kvinnfolk i fiskeværa, må noko gjøras. Ein ting er å skaffe nye arbeidsplassar med meir vidarefordeling. Ein anna ting er å gjøre noko drastisk med den tradisjonelle kjønnsarbeidsdelinga.


Til startsida

sveilund@online.no