Baksideartikkel i Klassekampen, 26.02.88

Finnmark støttar Gunnar Berge

No gjør eg og ein innsats for fedrelandet si konkurranseevne. Det er på høg tid. Her har eg gått og sabotert samfunnsøkonomien i alle år utan å skjønne det. Tenk eg som har gått i den vrangførestillinga at eg gjorde nytte for landet med å reparere maskinar så norske fiskepinnar kunne hamne på middagsbord i Østerrike og Belgia. Men der tok eg altså skammelig feil. For nå har han Gunnar lært oss at vi må bli arbeidslause for å vere til nytte. — Det er ikkje bare ønskelig, men nødvendig å få ein mindre stram arbeidsmarknad, sa han.

Nå var det faktisk ikkje meininga mi å gjøre denne innsatsen for fedrelandet. Eg var bare så dum å tru at det gikk an å seie opp ein jobb i Finnmark, ta ein tur ut i verda og så komme tilbake og få jobb igjen. Og eg som har skreve side opp og ned i avisa om krisa i fiskerinæringa og flyttinga frå Finnmark. Og så kunne eg tru eg skulle slippe unna.

- Her har vi inntaksstopp, sa dei på gamlejobben. Og nå må vi legge ned eit skift.
- Nei, her lurar vi bare på kem av oss som får sparken først, sa dei på ei forretning som mye har levd på fiskeflåten. - Det er ingen som handlar lenger.
- Her har vi alt for mange arbeidslause, så vi har ikkje tid å snakke med deg, sa dei på arbeidskontoret. — Men du kan få time i neste veke, da skal vi registrere deg. Så kan du få trygd om åtte veker.

Nei, her skal eg ikkje kjenne meg aleine. Vi er bra mange her i nord som gjør ein innsats for landet. Og fleire og fleire blir vi. Når ingen her sett pris på oss, er det godt å ha ein finansminister der sør som virkelig gjør det. Takk skal du ha, Gunnar!

Vi nødvendige har god tid å lese aviser.
* «Berlevåg fiskeindustri konkurs» (Finnmarken).
* «8-9 tonn undermålsfisk daglig på fabrikktråler» (Fiskeribladet).
* »Fallitt-flåte ber om hjelp.» (Nordlys).
* «Snart skjebnetime for Vadsø Sildoljefabrikk» (Finnmarken).
* «Sosial-hjelpen øker og øker» (Finnmark Dagblad).
* «Finnmarksvidda — en ørken?» (Klassekampen).

Men stopp, sjå her! I Finnmarksposten der skriv dei at det er danna noko som heiter «Folkeaksjonen for Finnmark». «Det må nå være riktig at vi samlet går til aksjon mot den utarming som skjer her i fylket...», skriv dei. Sjå, det var andre tonar. Kanskje det går an å slå seg i lag og gjøre noko med det. Han steike, det var ingen dum ide. Og om nå Klassekampen riv i ein hundrelapp for dette lille skrivet, så skal eg pinadø bruke han til å melde meg inn i denne Folkeaksjonen. For her gjeld det viktigare ting enn Gunnar Berge si konkurranseevne.

SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no