Debattinnlegg i Klassekampen 26.07.2007

Skoltesamar og EU i Klassekampen

Etter at eg og andre har kritisert og klaga og masa på at Klassekampen har hatt lite stoff nordfrå og særlig om samiske spørsmål, er det ein glede å sjå at dette har betra seg kraftig den siste tida. Vi har fått fleire større reportasjeseriar om både samisk litteratur og Finnmarkslov og no sist 18.07. ei tresiders reportasje frå grenseområda i Sør-Varanger, skreve av pseudonymet Herman Willis.

        Det er denne reportasjen som eg gjerne vil komme med ein liten kommentar til. Ein del av artikkelen er via den mest opprinnelige folkegruppa i det som i dag er Sør-Varanger og i tilgrensande område på finsk og russisk side, nemlig skoltesamane. Her kan vi lese:
"Selv i dag er det så ille at det ikke er norske myndigheter, men EU(!) som betaler for læremidlene til skoltesamenes skoler, ... Heldigvis bryr EU seg i dag. De gir skoltesamene skolebøker på deres eget språk. Ikke SV, ikke minister Djupedal, og ikke Verdens rikeste land. Men EU gjør det."

        Dette er svært interessante opplysningar, som eg vil tru at er nytt for dei aller fleste lesarar, slik det var for meg. Ettersom Willis her bare skriv om skoltesamane i Noreg og viser til at dette eigentlig skulle vore den norske regjeringa sitt ansvar, må ein gå ut frå at det er skolar for skoltesamar i Noreg han meiner. Eg vil derfor spørre om han kan legge fram meir informasjon om dette i Klassekampen, og blant anna gjøre det klart:
- Kva for skoltesamiske skolar er det snakk om?
- Kor mange elevar får undervisning i eller på skoltesamisk i Noreg?
- Er det snakk om lærebøker i skoltesamisk og/eller lærebøker på skoltesamisk i andre fag?
- På kva måte er dette finansiert av EU?
- Kva kjelder bygger han desse opplysningane på?

Svein Lund
(Redaktør av Samisk skolehistorie)
sveilund@online.no


Til hovudsida.