Debattinnlegg sendt fleire riksaviser og lokalaviser, 16.06.2008 Bl.a. prenta i Nordlys 18.06. Svar frå Grete Berget sto i Nordlys 23.06.

EU-tilhengarane frykter demokratiet

Da Irland hadde stemt nei til EU-grunnloven, blei Grete Berget frå Europabevegelsen intervjua på radio. Kommentaren hennar var at eitt land ikkje må få vere til hinder når 26 andre land vil i samme retning. Denne kommentaren rommar i eit nøtteskal dei norske EU-tilhengarane sin tankegang: Det er heilt greitt at folket i 26 land har blitt nekta å uttale seg om traktaten. Problemet er at eitt land har grunnlovsfesta folkerøysting og at regjeringa i dette landet derfor er nøydd å spørre folket.

Sjølv om fleirtalet i det irske folket har sagt nei, så betyr det bare ei ubehagelig utsetting, traktaten skal tvingast gjennom uansett. . La oss få denne kommentaren frå Europabevegelsen sin leiar som ønskereprise kvar gong nokon snakkar om gå inn for å påverke eller om EU som "tilleggsdemokrati"!

Svein Lund
Guovdageaidnu


Til hovudsida.