Reportasje i Klassekampen, 24.04.1989

TELEGOAHTI - SAMELAND I DATAALDEREN

Informasjonssamfunnet, «Den 3.bølga», rullar no inn over Sapmi. Guovdageaidnu (Kautokeino) skal bli eit senter for samisk data- og informasjonsteknologi.

Av SVEIN LUND, GUOVDAGEAIDNU

Målet er eit tverrfaglig senter for video/film, edb, kommunikasjonsutstyr, avis og trykkeri. Det nydanna selskapet har fått namnet Telegoahti («Telegammen»).
Alt før ein har kome igang har Telegoahti blitt tatt opp i Telecottages International som samisk avdeling på linje med andre nasjonar.
- Dette er ei stor anerkjenning for oss, seier Nils Thomas Utsi, som nettopp har kome tilbake frå møte i Telecottages International i Lisboa.
- Men ka er no Telecottages International?
- Det er ein ganske ny organisasjon, den blei starta i fjor. Initiativet kom frå «Telestuen» i Vemdalen i Midt-Sverige. Føremålet er å bygge opp eit nettverk mellom «telestuer» over heile verda. Telestuene brukar informasjonsteknologi til å skape jobbar i utkantstrøk, for å yte tjenester for lokalsamfunnet og bygge opp kompetanse. Ved hjelp av datakommunikasjon kan ein og yte tjenester utafor lokalsamfunnet. Gjennom dette samarbeidet vil vi kunne trekke vekslar på kvarandre og spreie informasjonsteknologi til fleire område.
På konferansen i Portugal var det folk frå 17 nasjonar i Europa, Amerika og Asia, og organisasjonen er i sterk vekst. Organisasjonsstrukturen er enno Ikkje ferdig. Tanken er at kvart land skal ha ein TC-organisasjon.

Mangel på informasjon

- Ka blir den viktigaste oppgåva for Telegoahti ?
- Det blir å få samiskspråklig informasjon ut i lokalsamfunnet. Mens vi lever meir og meir i eit informasjonssamfunnet er det ein enorm mangel på samiskspråklig informasjon. Får vi ikkje endra det, vil fornorskinga fortsette og det samiske språket vil tape.
Guovdageaidnu kommune har plukka ut informasjonsteknologi som eit viktig satsingsområde for kommunen. Sidan januar har Nils Thomas Ufsi vore engasjert av kommunen til å utreie forskjellige tiltak ogr dette arbeidet er nå så godt som ferdig. Telegoahti er eit av forslaga, og her har kommunen alt gått inn med 100 000 kr. i aksjekapital. Del andre er to-veis lyd/bilde-studio for fjernundervisning i samarbeid med den samiske høgskolen og forskjellige utviklingsprosjekt bl. a. på språk/teknologi-problem.

Sentralisering?

- Men vil ikkje dette føre til ytterligare sentralisering innafor det samiske samfunnet, at alt skal samlas i Guovdageaidnu?
- Det er klart at det er ein fare for sentralisering, men utgangspunktet vårt er tvert om at vi ønsker å desentralisere. Telegoahti i Guovdageaidnu har ikkje noko ønske om å bli eit monopol, men å bli ein basis for utbygging av TC-Sapmi. Målet vårt er at det blir etablert Telegoahti'er fleire stader i Sapmi, både på norsk, svensk, finsk og sovjetisk side.
I utgangspunktet legg vi i hovudsak opp til å dekke lokalt behov. Men vi meiner det og er grunnlag for å bygge opp noko meir her. I dag har Guovdageaidnu kommune 60 prosent av alle grunnskoleelevane i Norge som har samisk som hovudmål. Kommunen må føle elt ansvar som å gi eit tilbod til denne ungdommen. Til nå er det ingen media i Guovdageaidnu. Vi ønsker ikkje å konkurrere ut nokre samiske bedrifter. I dag er marknaden på langt nær dekka. Ingen kan påstå at det fins meir tjenester enn det er behov for.

Avis og trykkeri?

- Det går rykte om at dokker vil lage avis og trykkeri og...
- Det hører ikkje til det første vi vil ta til med. Men vi er ikkje langt unna tanken på å bygge opp ei ny samiskspråklig avis. Vi samar treng og ei variert presse. Når det gjeld trykkeri er vi usikre på om vi greier å bygge opp det på kort sikt.

Data på samisk

Å sette igang med databehandling på samisk er ikkje bare. Sjøl for norsk språk har det tatt lang tid å komme dit at ein nå kan skrive «æøå» på dei fleste datamaskinar som er i bruk her i landet. Samisk, eller for å vere presis nordsamisk har 7 bokstavar som ikkje fins i verken norsk eller engelsk.Andre samiske dialektar har ei heilt anna rettskriving med anna alfabet. Og eit såpass lite språkområde som det samiske er lite interessant som marknad for dei store datakonserna.
- Derfor sit i dag mange samisktalande med datautstyr på jobben eller heime som dei ikkje kan skrive samisk på, fortel Nils Thomas Utsi. - Det fins løysingar, men dei er kompliserte og dyre. Det er i dag ingen som har som jobb å utvikle samisk datateknologi. Kor mange er det ikkje som jobbar med norsk datateknologi? Her vil eg virkelig etterlyse eit engasjement frå dei offentlige styresmaktene. Har ikkje kulturdepartementet eit ansvar? Skal samisk språk leve, må det kunne brukas i alle dei media og med den teknologien som resten av samfunnet har.
- Men har dokker nok kompetente folk til å sette igang alt dette?
- Nei, det er eit av dei største problema vi har. Vi har her ei kjerne av folk med kjennskap til data, film, radio og journalistikk. Men det er på langt nær nok. Vi håper Telegoahti vil kunne bidra til å auke kompetansen, men noko direkte utdanning kan ikkje vi stå for. Det har lenge vore ønske om ei eiga samisk mediautdanning på høgskolen.

Lokalradiosuksess

- I påska blei det for første gang gjort forsøk med lokalradio i Guovdageaidnu. Er det noko å satse på?
- Lokalradioen var ein kjempesuksess. Det er eit ekstra stort behov her fordi det fins så lite skriftlig informasjon på samisk, i tillegg til at mange ikkje har lært å skrive sitt eige språk. Derfor burde det vore staten sitt ansvar å finansiere lokalradio i alle samiskspråklige lokalmiljø. A få igang lokalradio her står bare på pengar. Guovdageaidnu er ein fattig kommune med stor arbeidsløyse, her fins ikkje midlar i lokalsamfunnet. Alt i 1985 søkte vi kulturdepartementet om støtte, men fikk ikkje eit øre. Hugs at situasjonen for oss er ein heilt annan enn for norsktalande. Vi har ein time på dagen, mens det blir snakka norsk på radioen døgnet rundt.
- Men kor skal dokker holde til, har dokker fått hus?
- Nei, så langt ser det ut som det bokstavelig talt kan bli telegoahti, at vi må holde til i ein gamme.

Til startsida

sveilund@online.no